Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Viktige val

Utgave 3, 2014.


Det var ei spesiell oppleving å få feira 17. mai og grunnlovsjubileet heime på Tysnes. I strålande vårvêr, - med kor og song, bunader og alt som til høyrer
.
Turen til Tysnes førte meg òg til Jensvoll Bedehus. Der hadde eg vore før, på eit vekkingsmøte, i unge dagar. Då talaren oppmoda oss til å ta imot Jesus og koma fram for å tilkjenne gje det, fór eg på dør. Fleire fylgde etter meg. Tenk at eg den kvelden leidde feil veg og til feile val.

Heldigvis gav Jesus meg ein ny sjanse, til å seia Ja til han. Og det forandra livet for meg, og det vil det gjera for deg òg om du vel å fylgja han. Tøft å bli minna om feilstega, men så godt at han gjev oss nye sjansar.


Skrive av: Frøydis Nordbustad