Dette er ILCT, "Iraqw Language and Culture Trust", sin nettstad. Her finn du informasjon om ILCT si språkopplæring og barnearbeid blant iraqw-folket i Tanzania.
ILCT jobbar med leseopplæring for analfabetar i Tanzania blant iraqw-folket. Frøydis har vore med sidan 1958 og har alfabetisert språket ved å setje seg inn i deira talespråk, kultur og tradisjon. Ho har også omsett Bibelen og skrive mange andre bøker på iraqw. I dag driv ILCT læraropplæring for medlemmar av iraqw-stamma, slik at dei kan hjelpe andre i sine eigne lokalsamfunn til å lære å lese og skrive. Dette har løfta fleire små lokalsamfunn opp til å kunne henge med i verda rundt seg, og i tillegg vert dei sjølvhjelpne. ILCT driv også eigen barnehage og distribuerer biblar ut til lokalsamfunna blant iraqw-folket.
Her på ilct.no vil du med jamne mellomrom finne oppdateringar om ILCT si noverande verksemd, og i tillegg vil fleire tilbakeblikk komme på plass etter kvart.
I tillegg til bladet Glytt, som ILCT har gitt ut gjennom fleire år, vil me her på ilct.no av og til leggje ut nyhende om verksemda, spesielle hendingar og anna.
Dersom nokon av dykk som vitjar ilct.no har ein tekst, bilde eller kanskje ein video som de ønskjer å dele her, kan ein leggje til rette for det. I så fall kan ein ta kontakt på post@ilct.no
Me har valt å kalle denne kategorien «ILCT -direkte». Det vert ein open kategori for alt innhald som ikkje har vore publisert i bladet Glytt tidlegare, men som blir publisert fyrste gong her via denne nettstaden. Å leggje til under-kategoriar kan verte aktuelt etter kvart, men som sagt, ILCT -direkte vil bli hovud -kategorien for alt innhald som fyrst vert publisert her på ilct.no.
Publisert: 30. desember 2024 15:22
Sjå alle artiklar frå:
Artiklar frå GLYTT gjennom fleire år
Opp gjennom åra har ILCT gidd ut eit eige skriv kalla Glytt der arbeidet er formidla til givarar og andre som ønskjer å følgje med på arbeidet.
No vil alle artiklar i Glytt også komme fortløpande her på heimesida til ILCT. I tillegg vert det jobba med å redigere og leggje ut tidlegare utgåver av Glytt, slik at fleire kan få lese om arbeidet som ILCT har gjort opp gjennom åra.
Du ser her tre tilfeldige artiklar frå Glytt som du kan sjå nærmare på eller du kan vele å gå litt lenger ned og sjå heile oversikten over artiklar frå Glytt som er lagd ut her på ILCT si heimeside.
Artiklar frå nyaste utgave av GLYTT
Utgave nummer 6, 2023
Her er nokre vilkårlege artiklar frå alle årgangane me har av GLYTT her på ilct.no
Trykk på oversikt for å sjå oversikt over alle artiklar frå GLYTT som er lagd ut
Bilde og video frå ILCT sitt arbeid og verksemd.
Det har blitt veldig mange bilde og fleire timar med video av verksemda til ILCT, og det ønskjer me no å dele med fleire her via vårt eige bilde- og videogalleri.
Innhaldet i galleriet er under utarbeiding, og nye oppdateringar med nytt innhald vil komme på plass med jamne mellomrom. Så kom gjerne tilbake fleire gongar for å sjå om du finn noko nytt.
Språkvitar og tidlegare misjonær som har jobba i teneste for Gud blant iraqw-folket sidan 1958. Har blant anna alfabetisert (laga skriftspråk av) morsmålet deira og omsett Bibelen til iraqw.
Styreleiar for ILCT
For å oppretthalde arbeidet blant iraqw-folket treng me all den økonomiske støtte og hjelp me kan få. Alle bidrag som kjem inn går direkte til lese- og skriveopplæring og barnearbeidet me har i Tanzania.
Ønskjer du å betale med vanleg bankoverføring vert mottakarnamnet: ILCT
Bruk denne eposten for alt som gjeld nettstaden vår eller bruk: