Det er velsigning og ei stor gåve frå Gud å få gode medarbeidarar. ILCT er velsigna med mange, og Agnes er ei av dei. Agnes byrja som lærar for analfabetane, og etter kvart vart ho brukt som ass. for Basilisa Tarmo, for å avlasta henne. Dei siste 2 åra har ho arbeidd på litteraturkontoret som sekretær for Frøydis Nordbustad. Frå 1. mai fekk ho nye arbeidsoppgåver som kasserar.
Ho har sendt oss fylgjande helsing:
«Eg helsar dykk i Jesu Kristi namn. Det går fint i arbeidet, og vi arbeider fint saman. Då eg i mai også hadde ansvaret for undervisninga, delte eg ut vitnemål til avgangselevane i to klassar, /Ampa og Bane/e . Arbeidet på kontoret er nytt for meg, men det òg går greitt. Vi må fortsetja og be for einannan slik at Gud får hjelpa oss! Helsar med Nehemja 9,19. «Men du - i di store miskunn forlèt du dei ikkje i øydemarka».