Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Helsing frå Kristina B. Mallange

Utgave 4, 2014.


Det er Kristina B. Mallange som er leiar for Transitional Literacy (tre-dagars-kursa). Dei kursa der Kristina sjølv underviser kallar vi A-kurs. Frå A-kursa får vi lærarar til B- og C-kursa, og mellom dei beste kursdeltakarane på A-kursa får vi òg lærarar til Basic Litercy (leseopplæring for dei som ikkje kan lesa og skriva). Biletserien er frå eit A-kurs som Kristina nyleg heldt, for å få lærarar til det nye området, Tlawi. Kristina fortel sjølv om dette i brevet ho sende til Glytt frå ILCT:

De kjære i Norge som arbeider saman med oss. Eg vil forklara kva vi i ILCT gjer når det gjeld tredagars-kursa i iraqw-språket. Til nå i år har vi hatt seks kurs. 3 A-kurs, 2 B-kurs og 1 C-kurs. Eg vil fortelja om A-kursa som vart haldne på tre stader:

I Moringa, Daudi, i K.L.P.A.-kyrkja hadde vi 1.-3. april eit tredagars-kurs med 13 elevar, ein av dei var presten deira. Alle var glade for undervisninga i å lesa iraqw og i å undervisa i å lesa. Vi selde 3 iraqw-biblar på dette kurset.

I Laghandamur i K.L.M.-kyrkja hadde vi kurs 8.-10. april. Der var det 18 deltakarar, og alle sette pris på kurset. Første dagen tykte dei det var litt vanskeleg. Andre dagen begynte dei å forstå korleis ein les og skriv på iraqw. Då dei var ferdige tredje dagen, var dei glade og ynskte å fortsetja. 3 av dei kjøpte biblar. På desse to stadene har dei nå starta leseklassar for analfabetar.

Ein annan stad vi hadde kurs, var Wa/ama, og der var det 16 deltakarar. Det var 21.-23. mai, og alle gledde seg over kurset. Presten deira oppmoda dei til å vera til stades den planlagde tida, og ikkje skofta timane. Og dei var det, og gjennomførte kurset med glede. Ingen kutta ut.

Det som folk finn vanskeleg på kursa, er dei lange vokalane og merket for høg tone. I tillegg er «glottal stop» som vi kallar ein halv bokstav , vanskeleg. Dette er viktige ting å læra i iraqw-lesing og skriving. Etter tre dagar forstår mange dette, men nokre skulle hatt lengre tid. Til saman er det 47 elevar som har vore på desse kursa.

Må Gud velsigna oss! La oss fortsatt hugsa einannan i bønn i dette arbeidet. Dette arbeidet med lesekurs held fram, og folk likar det, men dei som kan undervisa er få. Vår oppgåve er å be haustens Herre driva arbeidarar ut til sin haust. Matteus 9,38.

Takk!


Skrive av: Kristina B. Mallange