Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Helsing frå Rehema Safari

Utgave 4, 2014.


Nå er eg tilbake frå lærarskulen og eg fortset med arbeidet i ILCT Tanzania Branch. Eg begynte i juni, og fekk ny arbeidsoppgåve som Education Officer , eit arbeid som var nytt for meg. Det er godt samarbeid med lærarane i skulesakene. Vi har starta nye klassar for K.L.M.-kyrkja, i Wa/ama og Harehhindo, i Mahheri. I juni og juli er det to klassar som har hatt avgangseksamen, og det er i den Lutherske kyrkja i Kainam og F.P.C.T- kyrkja i Qaliyeda i Gidgopti. Fem elevar hadde eksamen i Kainam og ni i Qaliyeda Gidgopti, til saman 14 elevar. I Mahheri delte vi ut vitnemål til elevane saman med ein representant frå staten. Der var det 11 elevar. Alle var svært glade for å få iraqwbibelen. Det er to klassar som skal ha eksamen nå i juli, og det er T.A.G. Titiwi og Sweedish i Qwaám.

La oss fortsetja å be for kvarandre i denne tenesta! Utan at Gud leier oss, kan vi ikkje gjera nokon ting. Helsar med salme 145, vers 18. «Herren er nær hjå alle dei som kallar på han, ...». Hjarteleg takk, og må Gud velsigna oss i denne tenesta.»


Skrive av: Rehema Safari