Kristina Mallange er tante til mor hennar. Rehema starta hos oss for nokre år sidan. I to år har ho hatt permisjon for å gå på lærarskulen på Wa/ama. Nå har dei både bibelskule og lærarskule der. Den 25. mai var det avslutningsfest for begge skulane. Omkring 30 avslutta tre år på bibelskule og rundt 120 var ferdige med toårig lærarutdanning. Lærarane var kledde i svarte kappar, så det var stor stas. Bibelskulestudentane var i kvite kappar.
Nå er Rehema tilbake hos oss, og ho har fått ei stor oppgåve, som er ny for henne. Ho skal ha ansvar for å starta opp i nye område, ha tilsyn med dei undervegs, passa på at lærarane gjer jobben sin og at terminprøver, avslutningseksamen og vitnemål utdeling skjer slik det er tenkt. Ho har også ansvar for at lærarane får lønn og ekstra undervisning.
Rehema hjelpte lenge Frøydis, nå blir det samarbeid med mange. Ho er nøyaktig og samvitsfull. Vi er glade for at Rehema er tilbake, og vi veit ho har fått ei krevjande oppgåve. Ho treng vår forbønn for dette. I det heile treng vi Guds leiing om kvar vi skal starta nye klassar.
Frå og med 1. juni i år tok Rehema Safari over etter Basilisa Tamo, som leiar for all undervisninga, med tittelen: Education Officer. Før ho byrja på lærarskulen var ho sekretær for Frøydis Nordbustad. Rehema er ei flott jente, som vi takkar Gud for. Eg helsar dykk alle som er med i ILCT, i namnet til vår Herre Jesus Kristus!
Eg ville gjerne minna oss om å be for Rehema.