I Markus 5, 22 – 42 får vi ei gripande skildring av korleis Jesus er fleksibel for å svara på bøn, med og utan ord. Synagoge-forstandaren Jairus hadde frimot og styrke nok til, midt i folkemengda, å kasta seg på kne framfor Jesus. Hans naud var at veslejenta hans var dødssjuk. Han var overtydd om at dersom Jesus kom heim til dei og la hendene på henne, så ville ho bli frisk og få leva. Jesus fylgde Jairus heim, og mange fylgde etter. Mellom dei som fylgde etter var det ei kvinne. Ho hadde eit alvorleg helseproblem, men ho var ikkje så frimodig som Jairus. Difor våga ho ikkje snakka direkte til Jesus, sjølv om ho var overtydd om at han kunne hjelpa. Med ei stille og anonym bøn prøvde ho å koma tett innpå Jesus for å få kontakt med han. Ikkje med ord, men ved berøring, og det greidde ho.
Bønnesvaret kom med ein gong, og ho kjende at ho vart lækt og fri sjukdommen. Jesus visste òg at ho vart lækt, men han ville gje henne noko meir enn berre lækjedom. Difor tok han seg tid til eit personleg og uforgløymeleg møte med henne, der ho fekk fortalt alt som hadde vore vanskeleg, nett slik det var. Så gjekk Jesus vidare, saman med Jairus. På Jesus sitt ord: «Talita kumi!» vart situasjonen i Jairus sitt hus også heilt forandra.
Jesus har tid for deg og meg òg, til personlege møte der vi kan få fortelja han alt, slik det er. Slike møte vil forandre livet vårt.