Mbulu District er eit av dei 169 distrikta i Tanzania, og er det folkerikaste av dei 5 distrikta i Manyara regionen. No er det 8 år sidan vi fekk lov å starta leseklassar for analfabetar i dette distriktet, (i Mamaisara, som i dag består av 4 wards) men berre som eit pilotprosjekt. Dei ville sjå om det verkeleg var sant at folk kunne lære lese på iraqw. Og til deira store overrasking vart prøveprosjektet svært vellukka, og ILCT kunne etter kvart få halda kurs over heile Tanzania, om vi ynskte. Men til no har vi hatt rikeleg å gjere i Mbulu District, som truleg har melleom 150.000 -200.000 analfabetar. Og det er framleis mange områder der vi ikkje har nådd.
Til no har 75 % av arbeidet vårt vore i Mamaisara, likevel er det eit stort område i sørvest, (skogen og fjella) som vi ikkje har nådd. Etter nokre år starta vi opp i to nye område, Daudi og Datla/a, og 25 % av arbeidet har vore fordelt på desse områda. Eit av dei områda som har venta lenge på at vi skal kome dit, er Tlawi. Vi har omsider våga å svare ja på ropet, sjølv om det vert krevjande. Dette krev nye ressursar av mange slag: Nye lærarar (som treng 3 dagars lærarkurs + ein ny eitt- årig TTP klasse), tavler, fagbøker, songbøker og ikkje minst lønn til lærarane. Tenk om nokre vennegrupper i Norge kunne slå seg i lag å samle inn lønn til eit lærarteam i ein landsby i Tlawi, og fylgje det teamet med info. Kanskje dei kunne vitja dei og?