Guds løfte frå 2 Kor.12,9: ”Min nåde er nok for deg, for krafta blir fullenda i veikskap. Difor vil eg helst vera stolt av veikskapen min, så Kristi kraft kan bu i meg.”
Eg takkar Gud for dette ordet. Om vi er svake, manglar kraft og ikkje klarer det vi skal, så lenge Kristi kraft er over oss er den vårt håp og vår seier i arbeidet.
I august har vi hatt eit 3-dagars A-kurs i Gehandu, for å få lærarar til dei nye plassane. Det var Sifaeli Gadiye som underviste og han har lang erfaring. Det har også vore 3-dagars A-kurs i Bo/omo Maatla nær Kainam.
Begge desse stadene er nye, og målet er å starta lese-klasse for analfabetar der også. I Gehandu har dei starta klasse ein stad som heiter Gafri. I Bo/omo Maatla er John Yasenti og Monica Itambe i samtale med presten der for å starta opp.
Det er også mitt ansvar å gi dei som underviser, utstyret dei treng. Når desse lærarane kjem tilbake med prøvane til elevane, er det mi og to andre si oppgåve å retta prøvane, gi tilbakemelding og arkivera dei. Eg er til tider også med andre lærarar og rettar eksamenane til analfabetkursa. Ei anna oppgåve eg har er å skrive helsing i biblane til dei elevane som har tatt eksamen etter 9 månader på analfabetkurset. På avslutningsdagen, når dei får utdelt vitnemål, får dei ein bibel i gåve. Slik kjem biblar inn i mange heimar og mange menneske får halda bibelen i hendene sine. La oss be for denne ordninga som gjer at mange biblar kjem ut til folket, i sanning er dette ei stor sak. Må Gud bruka dette til å bringa ordet sitt til hjarto til dei som får desse iraqwbiblane. Må den Heilage Ande bruke desse biblane til frelse for mange. La oss hugsa på dette.
Kvar morgon har leiarane møte på kontoret, så derfor høyrer det og med til mitt arbeid at eg er med der. På desse møta er målet å planlegge kvar dags arbeid, informera om kva vi gjer og vi les Guds ord saman.
Siste fredag i kvar månad kjem lærarane for analfabet klassane for å få lønn og meir opplæring i arbeidet. Eg les bibelen saman med dei. Då Kjellfrid var her, hadde ho songtime for lærarane. Nå er ikkje Kjellfrid her, så nå syng eg med dei.
La oss fortsetja å hugsa på einannan i våre mange ansvarsfulle oppgåver i kvardagen. Gud velsigne dykk!
Takk!