Blant elevane i den første leseklassen i Hhayloto i 2006, ein landsby i Mamaisara, kom det også 4 elevar frå Amowa. Tarsilla var ein av desse. Den 11. april i år kom ho saman med 149 andre elevar, som ikkje hadde fått bibel tidlegare. Då hadde vi ikkje iraqwbiblar å gje elevane våre. Men i fjor fekk vi biblar.
Eg har undrast på kvifor fire vaksne frå Amowa kunne finne på å gå på leseklasse i Hhayloto, så då Tarsilla kom for å hente bibelen sin, nytta eg høvet til å få ein avtale om eit intervju med henne.
Den 24. april møtte ho til intervjuet, og Frøydis var tolk.
«Kva var det som fekk deg til å gå den lange vegen frå Amowa til Hhayloto for å delta på leseklasse
fire dagar i veka i 9 månader, pluss 6 mnd. med lesetrening i studiegruppe etterpå?»
«Eg hadde ein hunger inni meg, ein brann i hjarta mitt», sa ho og la begge hendene over hjarta. «Eg
berre måtte, for eg ynskte så inderleg å lese bibelen.»
«Korleis var det mogeleg for deg å rekke fram til leseklassen i Hhayloto til kl. 10:00? Du hadde jo
noko heime å ta deg av også.»
«Eg stod opp tidleg og gjorde arbeidet mitt heime først. Når borna gjekk til skulen kl. 7:00 kunne eg
også gå.»
«Korleis kom du deg til Hhayloto?»
«Vi gjekk fyrst til Kweermusl. Så langt var det veg, så eg kunne gå med sko dit. Vi sprang dit på ein
time. Frå Kweermusl til Hhayloto tok eg skorne i handa og sprang gjennom skogen i to timar. Då eg
kom fram var føtene skitne og gjørmete langt oppover leggen. Eg prøvde å tørke av det meste på
graset før eg tok på meg skorne att og gjekk inn i klassen. »
«Kva har du fått att for dette strevet?»
«Mykje, eg kan lese swahili og forstår kva som står på skilt, og eg skjønar kva dei seier til meg på
swahili. Eg kan lese iraqwbibelen og mykje meir.»
«Det er 12 år sidan dette, og vi var spente på om du framleis kunne lese.»
«Ja, det kan eg. Dei har iraqwbibel i dei fleste kyrkjene i Mamaisara no, og eg har fått lesetrening ved
å vere tekstlesar i kyrkjene i Amowa, Muuray og Qwaam. Eg har òg gått til naboar og til andre
landsbyar og lært folk korleis dei kan dyrke grønsaker, og då har eg nytta høvet til å fortelle dei noko
eg hugsar frå bibelen. Men no har eg fått min eigen bibel og kan lese for folk direkte frå den. Eg kan
både lese og skrive iraqw og swahili no, og takkar Gud og ILCT for det.» (Intervju slutt.)
Ringverknadene av arbeidet vårt er mykje større enn vi kan forstå. Og det er «stort» at du og eg får vere med på dette! Mange elevar i leseklassane kjem frå andre landsbyar og har lang veg å gå, slik Tarsilla hadde. Men endå fleire er det som ventar på at vi skal komme til deira landsby for å starte leseklassar. Måtte dei sleppe å vente forgjeves!
Det har vore ein kraftig svikt i driftsinntektene i år. Som ei følgje av dette må vi justere framdriftsplanen for Dongobesh-området, slik at det vert balanse mellom inntekter og utgifter.