Året 2013 var eit spanande år på mange vis. Stor vekst og mange nye dører opna seg, og det krov fleire resursar av mange slag. Ikkje minst var det spanande om vi økonomisk kunne makte ta imot all denne velsigninga. Vi såg at dei private gåvene vart redusert med 26 % og vart verkeleg urolege.
Til kva og kven skulle vi sei nei? Vanskelege val. Og takksame vart vi då gåva frå LMF og minne- og årmålsgåvene kom og skapte balanse i rekneskapen. Her eit kort samandrag frå resultatrekneskapen i 2013 (detaljert rekneskap i Brønnøysund). BILDE1
Det er med undring og takksemd til dykk som bidreg på ymse vis vi ser at dette fantastiske arbeidet vert mogeleg. Takk til kvar og ein av dykk for trufast samarbeid. Står vi saman om iraqw-bibelen, i eit felles kall, er vi sterke nok til å fullføre oppdraget. Takk for godt samarbeid!
Frøydis Nordbustad og Nora Klungseth reiser tilbake til Tanzania igjen den 30. september, og kjem heim 1. desember. Det er mykje å takka for at Frøydis enno ein gong er på veg utatt, inspirert og budd til nye oppgåver. Nora skal arbeidet på kontoret med administrasjon, planlegging og opplæring. Kjellfrid Eggebø reiser tilbake i november, og skal feire jul i Mbulu i år.
Takk for at du «fylgjer» med oss på turen.