Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Du er sett

Utgave 5, 2014.


Ein dag møtte Jesus eit gravfylgje på veg til gravplassen. Det var ein ung mann, einaste son til ei enkje. Ho hadde gått denne tunge vegen før, då mannen døydde. Sorga og fortvilinga var ubeskriveleg. Sorg, sakn, fortviling og frykt for framtida var lammande, der ho gjekk bak bora til sonen. Mykje folk fylgde henne på den tunge vegen, og det var godt for henne å oppleve all den omsorg og medkjensle som omgav henne. Jesus var på veg til heimbyen hennar, Nain, denne dagen, og møtte gravfylgjet då han kom nær Byporten. Då han såg hennar djupe sorg, tykte han hjarteleg synd i henne og sa: «Gråt ikkje!» Jesus si omsorg var annleis. Denne forteljinga finn du i Lukas 7,11-13.

Det er mange slags sorger som møter oss gjennom livet. Nokre er synberre for alle. I slik sorg møter det oss mykje omsorg og medkjensle. Det er andre typer sorger, som nærmiljøet vårt ikkje ser. Slike sorger ber vi djupt i hjarta og skjuler så godt vi kan for andre, og då får vi ikkje blomar, omsorg og medkjensle slik vi gjer om vi misser ein av våre nærmaste. Men du er sett likevel av han som seier: «Eg kjenner deg vel og eg veit kvar du bur.» Han vaker over deg, ser sorga og tårene som andre ikkje ser, og han tykkjer hjarteleg synd i deg slik han gjorde med enkja i Nain. Han har same medkjensle og omsorg for deg òg.

I dag har eg lyst å gje deg blomar for den sorga du ber, som berre du og Jesus veit om. «Gråt ikkje!», seie han til deg og.


Skrive av: Nora Klungseth