Det var alt slutten på september, då vi starta på ny tur til Tanzania igjen.
Opphaldet var annleis denne gongen enn tidlegare. Møtet med «tantebarn», som etter kvart har vorte vaksne, var inspirerande!
Nora imponerer som «fundi».
Nora tok seg av veldig mykje praktisk arbeid denne gongen. Rydding og sjekking av dei fire konteinarane vi har, to på Ujenzi og to i barnehagen. Møblar blei montert og kom på plass , dører, bord og stolar blei montert. Vaktmennene var overgitte over alt det Nora kunne og visste, «Fundi» (fagmann) lydde det igjen og igjen.
Ei av hovudoppgåvene var å laga tak over dei to konteinarane på barnehagen. Mellomrommet mellom konteinarane blei nytta til kjøkken. Der skal mødrene læra å koka og baka, og læra seg å nytta grønsakene frå hagen. Mor&Barn -senteret gjev rom til opplæring av mødrene medan borna deira får opplæring i å lesa og skriva, swahili, iraqw og engelsk.
Mykje nytt å læra Basilisa strevar med å finna ut korleis alle leikene vi fekk frå Norge skal brukast, og Nora hjelpte henne.
Mykje nytt å læra.
Og mykje nytt om kva leikene skal vera tenlege til. Kva kan vi ikkje læra av å spela Ludo, telja på tre språk, bli ein god tapar eller vinnar, og ikkje minst når det gjeld uthald og omsyn til medspelarane m.m..
Løyndomen i lesekunsten
Ein fredag kjende eg meg trøytt og tenkte eg ikkje kunne greia 4 undervisningstimar den dagen, men då var Agness der og oppmuntra. «Du kjem deg nok når du møter lærarane», sa ho. Ho hadde oppdaga korleis det fungerte. Elevar inspirerer. Og slik vart det denne gongen òg. Medan Nora jobba med konteinarane og barnehageutstyret, hadde eg kurs for lærarane. Eg delte dei i fire grupper, og kvar gruppe fekk eit kurs i korleis dei skulle hjelpa elevane til å oppfatta løyndomen med å lesa. Dei tok godt imot kurset. Men siste kursdagen måtte vi avlysa, på grunn av eit dødsfall. Men då var Agness klar til å ta kurset på eiga hand, etter at eg var reist. Eg fekk røyna, enno ein gong, at «som dagen er skal styrken vera».