Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Nytt frå Mbulu

Utgave 6, 2014.


To månader i Mbulu, med dagar fylte av spanande ting og utfordringar, ligg no bak oss.. Kvar dag var fylt av framgangsrike utfordringar og med praktiske oppgåver, prosess-styring og møte. I november hadde vi tre Arusha-turar med feltvogna. Vi reiste fredag ettermiddag, etter at Frøydis var ferdig med undervisninga. Det vart nesten nattkøyring. Vi skulle nå møte laurdag føremiddag.

Sanka har vore alt-mogeleg- mann i alle år, men no har vi avlasta han med å tilsetje to nye medarbeidarar. Arbeidet veks og Sanka skal no ha fulltid på kontoret. Alois er den eldste av vaktmennene. Han har alltid talt vaktene si sak, og har omsorg for alle. For å avlasta Sanka er han no tilsett som leiar for vaktmennene. Han skal ha ansvar for vakt- og ferieplanar og tilsyn i dei tre hagane. Han skal ha eit lite kontor i vakthuset på Magereza og skal arbeida på dagtid. Ein ny vaktmann er tilsett på Magereza, for å erstatta Alois. Elihuruma Safari er tilsett som nye sjåfør og «caretaker» (vaktmeister). Han har gått to år på yrkesskule. Etterpå tok han førarprøva. Då måtte han også ha køyretrening i Arusha. Køyrelæraren i Arusha brukte han etterpå som taxi-sjåfør. Nyttig for oss, som ofte køyrer rundt i Arusha, å ha ein sjåfør som er lommekjend der.


Skrive av: Nora Klungseth