"I sanning er dette ei stor sak", skreiv Kristina B. Mallange i førre nr. Av Glytt frå ILCT. Og det er sant. Det er større enn vi heilt forstår, krevjande, men også gjevande å få vera med på. Når 40 – 50 lærarar kjem til lærardagen, så er det ein travel dag for heile staben. Dei fleste har lang veg og har gått i fleire timar for å nå fram til kl. 09.00. Då vert dei møtt med te og noko å bita i. Vaktmannen har kokt te, og Fausta og Mama Ima har bakt eitt eller anna. Etter at dei har gjeve rapport, fått lønn og fagleg påfyll, får dei middag på Ujenzi.
Kjøkkengjengen har førebudd dette i fleire dagar. Dei er for mange til at dei kan få servering inne, men det er god plass ute. Lærarane tek oppvasken. Å vera til stades på ein slik dag er både inspirerande og oppbyggjeleg.
Fagleg påfylling krev oppfylging, ein må ut å besøke klassane for å sjå om teorien vert anvendt i praksis. Til no i år har vi hatt 40 klassar i gang, så det er ein .krevjande jobb å besøke alle klassane. Eg fekk vere med då Frøydis og Agness besøkte ein av klassane vi har på Waama.
Frøydis hadde fire fredagar med seminar for lærargrupper og to fredagar med møte med alle lærarane på programmet, før ho reiste til Mbulu denne gongen. Og ho gjennomførte planen sin med unntak av eitt seminar. Det blei avlyst på grunn av at ein av lærarane, som skulle delta på seminaret, døydde så uventa (hjarteproblem).
Kvelden før det første seminaret kom regnet alle hadde venta på, med «bulder og brak», torebrak og lyn. Og som om ikkje det var nok, jordskjelv. Huset skaka og jamra seg, dekketøyet i skuffer og skap klirra, dørene og vindaugo slo opp. Frå stova høyrde eg Frøydis seia: «Berre eit jordskjelv Nora, ikkje noko å bry seg om», utan å la seg forstyrra i førebuinga til neste dag.
«Den som ottast Herren, har eit trygt vern,» Ordt. 14, 26