På sidelinja får du eit nytt perspektiv. Slik har eg kjent det ei tid no når Nora var i Tanzania og eg var heime i Årdal. Kanskje eg fekk prøva korleis det var å vera på murane som vaktmann medan soldatane var i aksjon ut på feltet? Det var ei nyttig erfaring, det òg.
Medan Nora var i full sving ute i Mbulu, prøvde eg å smetta inn ein del timar hos augnelege i Sogndal, Førde og Bergen.
No har det laga seg med ein lang nok pause til at eg får reisa til Mbulu att i april og mai. Det set eg pris på og gler meg til.
Programmet ser slik ut:
1. Lærarseminar ang. swahiliundervisninga i Basic-klassane, Erfaringa tilseier at lærarane legg for lite vekt på swahilien til fordel for iveren med å lære elevane å lese iraqw. Det trengst ein balanse i dette, slik at elevane får lære meir swahili. Dette må vi gjere noko med. Kurs for lærarane må til.
2. Metodikk faget. Her spriker faget. Ein del lærarar er flinke som lærarar, men nokre er svake i faget. Vi må testa dei, og arrangere seminar der det trengst.
3. Det viser seg at i ein del klassar slit elevane med dei same feila. Då må lærarane i desse klassane få lokale kurs, og skjerpast.
4. Det fjerde punktet gjeld å arrangere katekismekurs, på iraqw, for evangelistane i den lutherske kyrkja. Desse kursa skal vi ha i samarbeid med leiinga i ELCT, Mbulu bispedøme. Programmet vert krevjande, men eg reknar med at det kan bli til nytte. Eg peikar ut dette programmet slik at du som er vaktmann på muren kan minnast denne store oppgåva.