Leseopplæring
Vanlegvis presenterer vi berre små glytt frå einskilde bitar av heilskapen i arbeidet. Denne gongen fekk eg lyst å gje deg ein oversikt over arbeidsprosessane, ved hjelp av flytskjemaet vårt.
Dei prestane som får filmframsyning, opnar for A-seminar og leseklassar i sine kyrkjer, måndag -torsdag. I fjor viste filmteamet Jesusfilmen i 12 nye landsbyar, og som resultat av filmteamet sitt arbeid hadde vi 9 seminar (fleire er i emning) i desse landsbyane. Som eit resultat av desse seminara har vi til no starta 4-5 nye leseklassar, og fleire starta opp no på nyåret. Vi startar ikkje opp her og der heilt tilfeldig, arbeidet er strukturert. Alt heng saman og må skje i rett rekkefølgje. Eit av resultata av leseopplæringa er at vi reduserer talet på analfabetar mellom iraqwfolket, berre i fjor vart det 547 ferre analfabetar.
Arbeidsprosessen
BILDE1 = FIGUR1
Figur 1: Bak kvar av desse pilene står det eit team, og bak støttefunksjonane er det mange medarbeidarar som gjer alt dette mogeleg.
BILDE2 = FIGUR2
Figur 2: Først vart det laga ein film om Jesu liv, der fleire frå vårt team las tekstane på iraqw. Vi sender filmteamet ut til nye landsbyar, for å fremje leselyst. Når dei høyrer bibeltekstane på iraqwspråket, får dei sjølve lyst til å lese iraqwbibelen. Filmteamet inviterer til seminar og leseklassar.
BILDE3 = FIGUR3
Figur 3: Kristina B. Mallange sitt team arrangerer seminar i landsbyane der filmteamet har vist Jesusfilmen, og invitert til seminar i Transitional Literacy.
BILDE4 = FIGUR4
Figur 4: Dei beste deltakarane på seminara vert spurt om dei har lyst å bli lærarar i leseklassarfor analfabetar. Dei får opplæring og blir hjelpelærarar, før dei etter ei praksistid får lov å bli student i ein TTP klasse. Etter eit år som TTP-studentar, er dei kvalifisert til å vere klassestyrar i leseklassane.
BILDE = FIGUR5
Figur 5: I landsbyane der vi har vist film og hatt A-seminar, arrangerer dei leseklassar (9 månader) med påfølgjande lesetrening i både iraqw og swahili. Deretter deltek studentane i studiegrupper (6 månader) med forskjellige emne.
Takk til dykk som står bak alt dette i forbøn og med gåver,som gjer dette økonomisk mogeleg. Det er livsforvandlande for analfabetane å ha fullført 9. månader med leseopplæring i ein Basic Literacy Classe. Å få vitnemål som viser at dei kan lese og skrive to språk, swahili og iraqw, og dermed få bevis for at dei ikkje er analfatetar lenger er stort for dei. Det er ei livsforvandling, som ikkje kan beskrivast med ord. At dei i tillegg til dette får ein iraqwbibel i gåve frå ein ukjend gjevar, gjer at avslutningsfesten vert endå større for dei. Dei er svært glade for å få bibelen, og dei er storleg forundra over at folk i Norge har kjøpt bibel til dei. Kvifor gjer dei det utan at dei kjenner meg?
Konklusjonen deira er at Gud ikkje har gløymt dei, når dei har fått alt dette. Takk til dykk som gje elevane våre biblar, når dei har lært å lese. Den økonomiske støtta ILCT har fått frå LMF, til lærarlønner, dei siste 3 åra har gjort det mogeleg å ha mange lærarteam og klassar. Men i år kunne dei ikkje det, difor har vi ikkje økonomi til å ha så mange lærarar og klassar i år, som vi har hatt til no. Kor mange lærarar som må seiast opp veit vi ikkje enno, men truleg må 20-25 lærarar seiast opp frå april. Vi er svært takksam for at LMF støtta oss med kr. 150.000,- per år i perioden 2012-2014. Det gjorde det mogeleg å engasjere dobbelt så mange i desse 3 åra. Det har teke lang tid å byggja opp Mor & Barn Senteret, men no byrjar det å koma på plass bit for bit. Vi ventar på inventaret til mødrene sitt klasserom. Containeren er komen til Tanzania, og vi vonar pultar og stolar snart er på
plass.
Det skal vere teoretiske fag måndag – torsdag og praktiske fag på fredag, husstell, ernæring osv. for mødrene, og då treng dei eit kjøkken også. Det har vi bygt mellom dei to containerane, men det er ikkje innreia enno. Det står att ein del arbeid på utearealet også, før vi kan starte opp. Mange ventar på det. Men vi må ta det «pole pole» (litt etter kvart) etter som økonomien tillèt det.
Takk for trufast samarbeid!