Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Til lukke med dagen, Kristina!

Utgave 1, 2015.


Den 25. januar vart Kristina Mallange 75 år. Eg var i Mbulu då, og fekk vere med å feire dagen. Kristina har vore med i arbeidet vårt i mange år, og er framleis like aktiv. Ho har mange viktige oppgåver i ILCT TB. Vi ynskjer til lukke med 75-årsdagen, post festum. Må Gud velsigne henne med god helse og mange gode dagar og år i tenesta for iraqwbibelen, som er hennar «hjartebarn». Vi helsar jubilanten med 3. Joh. 1, 2: «Kjære ven, mest av alt ynskjer eg at du må få vere frisk og ha det godt, like godt som du har det åndeleg.»

Kristina har mange viktige oppgåver i ILCT Tanzania Branch. Ho har tilsyn med den daglege drifta. Leiarmøtet, kvar morgon, leier ho med fast hand. Der vert dagens gjeremål lagt fram og problemløysingar diskutert. Agnes er sekretær. Kristina er ein dyktig og inspirert lærar. Ho er med å undervise lærarane på lærardagane. Ho har òg ansvar for all leseopplæringa på iraqw for dei som kan lese swahili, og som ynskjer å lære å lese iraqwbibelen og anna iraqw lesestoff. Ho er med å rett eksamensoppgåver og har også mykje anna ho har ansvar for.


Skrive av: Nora Klungseth