Vi er alt langt inne i eit nytt og ubrukt år. Og det er på tide å la det gamle året, som ligg bak oss, gå inn i historia. Av og til hender det at det stoppar litt opp for oss rundt eit årsskifte. Vi kjem oss ikkje laus frå fjoråret, men heng fast i det som møtte oss då. Føler du at du er som i ei rundkøyring, køyrer berre rundt og rundt?
Då er det på tide å gå vidare, køyre ut av rundkøyringa og inn i det nye året. Heng vi att i gamle «ting og tang», er vi ikkje frigjort til å gå inn i dei nye oppgåvene. Vi må frigjerast, så vi med full kraft kan gå inn i det nye året og møte dei utfordringane som ventar oss der. Korleis skal vi stille oss til alt som var tungt og vanskeleg i tida som ligg bak, og som maktstel oss og hindrar oss i å kome vidare? Svaret finn du i Job 11,16.
Men det er ikkje berre å brase inn i eit nytt og ubrukt år heller. For det er fort gjort å gå i feil retning. Eg gjorde det i dag på Schiphol, flyplassen i Amsterdam. Var sikker på at eg var på rett veg til min «gate», D59, heilt til eg nådde fram til D57 og oppdaga at eg hadde gått meg fast i ei blindgate. Då kom det ein reinhaldar eg kunne spørje. På gebrokkent engelsk og med ein lur smil sa han: «Du er på villspor, og har ein lang veg å gå tilbake til utgangspunktet, og der må du ta deg god tid til å lese vegvisaren.» Tankefull rusla eg den lange vegen tilbake, for å finne den rette vegen til min «gate».
Slik kan det gå i livet vårt og i oppgåvene Gud gjev oss også. På startstreken må vi ikkje springe forbi Vegvisaren, i vår iver etter å kome i gang. Og undervegs må vi vere så stille at Han kan korrigere kursen for oss. Jes. 30, 21.