Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Guds smerte

Utgave 2, 2015.


Det er underleg å tenkja på at Gud kjenner smerte. Vi tenkjer heller at han er den som lindrar smerte når vi har det vondt. Og det gjer han. Men når Guds barn lid og har det vondt, kjennest det som smerte for Gud.

Når nokon påfører smerte på Guds augnestein, lid Gud. «Den som rører dykk, rører ved min augnestein.» Sak. 2,12

Ingen ting er så sårbart som augnesteinen vår. Når nokon sårar eller skadar augnesteinen din, gjer det veldig vondt. Du er Guds augnestein. Når nokon skadar deg (Guds augnestein), kor vondt har ikkje Gud det då!

Guds Ord fortel om korleis Gud tok seg av folket sitt i øydemarka: «Herren verna han og sytte for han og vakta han som sin augnestein.» 5. Mos. 32,10

Bibelen snakkar om augnestein på to måtar:

1. Vårt forhold til Gud som Guds augnestein , som han vernar og vaktar.
2. Vårt forhold til Ordet, - Bibelen, som vi skal verna og vakta som det var vår augnestein.

«Ta vare på mine bod, så skal du leva, og på mi lære som din augnestein.» Ordtk. 7,2


Skrive av: Frøydis Nordbustad