Arbeidet går sin gang også når vi er i Norge. Det er oppmuntrande å sjå at dei unge og dyktige medarbeidarane våre syter for kontinuitet og fornying. Rapporten frå Rehema Safari fortel om stor aktivitet frå midten av februar og fram til påske. I løpet av desse seks vekene hadde sju klassar hatt eksamen og sju andre klassar hadde hatt avslutningsfest. Dei hadde film-framvising i to nye landsbyar og eitt Transitional-seminar i ein annan landsby. Og i tillegg til dette starta dei tre nye Basic-klassar.
På planleggingsmøtet vart det bestemt at ein skulle gje lærarane meir hjelp til å starta studiegrupper, seks månader med lesetrening, i forskjellige emne. Rehema fortel at det vi planla i januar er fylgt opp i praksis. Dei nye lærarane har ikkje fått opplæring i grønsakdyrking og bruk av det ein kan dyrka. Den 27. mars var første kursdagen, og då lærte dei å dyrka paprika. Siste fredag kvar månad vert det halde slike kurs for lærarane, med ny grønsaksort kvar gong. Slik kan vi formidla kunnskap om godt kosthald i opptil 40 landsbyar per år, til glede for folket.
BILDE1 : Rehema Safari, rektor