Vi gler oss til å kome tilbake til Mbulu att. Det er som å kome heimatt etter ein lang ferie. Då eg var i Mbulu i januar, var det svært tørt, og avlinga heldt på å bli øydelagd p.g.a. tørken. No har regnet kome, godt langvarig regn som kan berga avlingane. Elvane fløymer over og vegar er stengde, men det er ikkje noko nytt for oss.
På ein tur til Arusha i oktober var det eit ofseleg regnver og ubeskrivelege vegar. «Benzen» (Mercedes-Benz) lak som ei kipe og vi var dyvåte då vi kom fram. «Slik transport kan vi ikkje gje Frøydis meir», sa Elias Goroi på styremøtet. «Benzen» er ei feltvogn som vi brukar no. Den er 32 år og har sine beste år bak seg. Men den er ei fjellgeit, og veit å ta seg fram der det ikkje er veg. Når vi reiser rundt oppi fjella, der dei fleste klassane våre er, då er den uunnverleg. Men landevegskøyring er den dårleg på. Buskar og kratt, som den tek seg igjennom, har rive sund taket. Det er vårt håp at det nye taket vi fekk sydd er ferdig montert til vi kjem, så vi kan koma oss tørrskodde heim til Mbulu. Busker og kratt, som den tek seg igjennom, har rive sund taket. Det er vårt håp at det nye taket vi fekk sydd 1|er ferdig montert til vi kjem, så vi kan koma oss tørrskodd heim til Mbulu.
Til 60- årsdagen fekk Frøydis Nordbustad ein Toyota High Lux. Den er no blitt «pensjonist» og treng avløysing. Den hadde hol i taket, panseret og golvet, så der kom regnet både inn og ut. Kor mange km den har gått desse 22 åra, det er det ingen som veit. Den har vore ein trufast slitar. Det er tøffe utfordringar med berre ein bil. Den skal helst vera på mange plassar samstundes. Tolmod, planlegging og god logistikk er nøkkelen, og då kjem ein langt i så mange ting. Slik og i utfordringane sjåføren vår har.