Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

I går, på 1. Påskedag

Utgave 2, 2015.


I går, på 1. Påskedag, var det gildt å vera på høgtidsgudsteneste i Hesby kyrkje her heime på Finnøy. Full kyrkje, god song og god preike. For meg var det kjekt å vera med i Finnøy Kyrkjekor om me ikkje song «Å sælaste stund» i år. Men «Jesus vi priser deg!» og «Sjå på Han» og fleire andre var gildt å syngja. Kollekten gjekk til ILCT, som er Hesby sokn sitt misjonsprosjekt for tida. Det kom inn over 13.000 kr., noko eg og leiinga i ILCT er svært glade for. Hjarteleg takk til alle som gav! Gildast for meg var det at me i lag song «Han er oppstanden. Halleluja!». Den er skriven av ein Tanzanianar, og omsetjinga til norsk er nesten betre enn originalen. Det er ikkje ofte det skjer. Songen førte meg i tanken til Tanzania og eg leita etter orda på swahili, men dei kom ikkje, så eg gledde meg over songen og innhaldet på norsk.

Eg har nå billett til Tanzania 11. mai for ein kort periode. Denne gongen får eg nytta oppsparte «award miles» eller poeng til flyturen, med noko i tillegg. Oppgåvene mine denne gongen blir annleis enn tidlegare oppgåver. Me er bedne om å halde katekismekurs for alle evangelistane i den Lutherske kyrkja i Mbulu distrikt. Eg har prøvd eit par stader før, men nå blir det ved hjelp av kyrkja sjølv. Dei som kan komma til Mbulu på dagen, skal Frøydis undervisa. Eg skal ha dei som bur lengre borte. Me veit ikkje kor mykje som kan gjennomførast i sommar, men me vonar at det kan bli ein god del. Frøydis, Nora og eg laga program då eg var i Øvre Årdal i mars. Det er planlagt to dagars kurs, der første dag går til oppfrisking og litt vidareopplæring i iraqw- lesing og innlæring av tonane til songar på iraqw. Andre dag til motivasjon, gå gjennom opplegget og gjennomføring av ein gruppetime. Blir det tid, skal dei få prøva seg også. Eg reknar med at eg også skal vera med på framvising av Jesus-filmen der dei startar nye klassar for analfabetar, anten det er på heilt nye stader eller det er ny klasse der vi har hatt klasse.

I «Mor og barn -senteret», før omtalt som barnehagen, skal vi starta lesekurs for mødrer. Dei skal få undervisning i lesing, skriving og rekning. Truleg ei gruppe på føremiddag og ei anna på ettermiddagen, dei fire første dagane i veka. Fredagen skal nokre læra å dyrka grønsaker og andre skal koka. Barna skal bli tatt hand om i barnehagen. Det er nasjonale som tek seg av leseopplæringa, grønsakdyrkingsdelen og barnehageopplegget.

Det er to containerar på denne tomta. Nå har dei laga tak over dei og det har blitt eit stort rom mellom. Dette skal me utstyra til eit enkelt kjøkken. Eg har fått i oppdrag å planleggja og utstyra kjøkkenet og ordna kokkeskule for mødrene. Det gjeld å læra dei å bruka meir grønsaker i kosten og å variera kosten meir, og mest av alt få inn meir næringsrike måltid. Kor mykje eg klarer å få gjort med dette, veit eg ikkje. Men eg skal i alle fall begynna. Eg vil be om forbøn for dette som ventar og for førebuinga. Utan at Herren gir det som trengst, blir det ingen ting av dette, av verdi. Men Gud høyrer bøn og Han kan!


Skrive av: Kjellfrid Eggebø