Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Vanvørd og åleine

Utgave 2, 2015.


Du som låg i natti seine
sorgtyngd, vanvørd og åleine,
skjelvande på såre kne,
du som skåli trufast tømde
medan alle dine rømde,
stridsmann frå Getsemane!

Du som spotta vart og banna,
kront med klungerkrans om panna,
medan augo brann i sorg,
du som stod i namnlaus pine,
skild frå dei du kalla dine,
einsam i Pilati borg!

Du som hekk til krossen nagla,
medan blodut sveitte hagla
frå di panne då du sa:
«Fader, kvifor gjekk du frå meg!»
Å, lat nådens blodstraum nå meg,
offerlam frå Golgata!

Lær mi sjel kor du laut lida,
syn meg såret ditt i sida,
styrk og nør mi veike tru.
Syn meg dine merkte hender,
så eg frelst mitt auga vender
opp til deg på krossen, du.


Skrive av: Jakob Sande