Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Med nytenking og folkeopplysning

Utgave 3, 2015.


Då Frøydis Nordbustad i 1968 skreiv, Jifunze Kiswahili kwa njia ya iraqw, «ABC» bøkene vi brukar i leseklassane. Fletta ho inn ei forteljing om to ungdomar og dei tidsaktuelle tinga og utfordringane som dei fekk. Frieriet, giftarmålet og familie-stiftinga gjekk som normalt, men då første barnet vart fødd vart det kulturkollisjonar. Besteforeldra insisterte på at medisinmannen hadde løysinga på barneskriket, medan dei unge valde sjukehuset og legen der. Dette var tidsaktuelle ting for 50 år sidan, men no må vel iraqwfolket forstå kva som er best og rett, har eg tenkt.

At temaet i bøkene våre framleis er like aktuelt fekk vi oppleve på nært hald denne gongen. Ein ung mann i nærmiljøet vårt hadde lenge vore sjuk og etter kvart vart sjukdommen meir og meir aggressiv, til sist vart han sendt til sjukehuset i Haydom. Familien hans var heilt usamd i dette, og møtte mannsterke opp for å kunne bære han til medisinmannen. Det vart mange tøffe og stygge angrep både på den sjuke og på den unge kona hans, dag etter dag. Dei stagga seg ikkje før den sjuke sa: Eg er ein kristen og vil ikkje gå til trollmannen, og som sjukepleiar veit eg kor feil de tenker. Nokre dagar seinare «flytta han heim». Sorga var stor for den unge kona, og sjukehuset i Mbulu miste ein god kollega og flink sjukepleiar. Ein sterk og frimodig kristen og ein flott talsmann for helsevesenet i Tanzania.

Kampen mellom lys og mørke er stor og sterk, det merkar vi på mange områder. Og vi nører jo opp under denne kampen, når vi kjem rundt til veglause grender og landsbyar med leseklassane våre, med ny tenking og folkeopplysning.

Den 15. mai skulle det vere avsluttingsfest for to klassar i Mamaisara, Kuta og i nærleiken av Qwaám. Der har vi vore før, sa Sanka, vegen er ok. Men det var ikkje i Qwaám klassen vår hadde vore og det var heller ikkje der festen skulle vere, men langt forbi, nedover og nedover stupbratte fjellsida. Ein dårleg skogsveg i Norge vert reine autostradaen samanlikna med dette. Tyngdekrafta hjelpte bilen å koma ned, men korleis koma seg oppatt? Når «Gud hjelpte oss til å koma heilskinna ned, så syter han nok for at vi kjem oss oppatt også, han veit jo at dei ventar på oss i Kuta», sa Sanka. Det vart ein stor dag for dei 11 elevane våre der, som fekk sine vitnemål. Dokumentasjonen dei lenge hadde venta på, som viste at dei no ikkje var analfabetar. Ein festdag for heile landsbyen. Med 4-hjulstrekket og krabbegir kom bilen seg oppatt, med eit skrik, og kunne fortsette til Kuta der ein annan klassa også skulle ha avsluttingsfest same dagen.

Ei veka seinare hadde vi eit samrådingsmøte med staten og Mbulu District, der vi orienterte om kva ILCT gjorde og kvar vi arbeidde. Eg sat attmed ein representant frå Staten, og spurde om han kunne skaffe meg eit kart over Mbulu District med namn på alle landsbyane og grendene der vi jobba. Han såg på meg med sorgfulle augo og sa: Eg har aldri høyrt om desse plassane før, og ikkje visst at det bur folk der. Desse plassane er ikkje registrert hos oss og er heller ikkje talde. Når det ikkje er skular eller veldig langt til nærast skule, vekst talet på analfabetar. Kan vi, eg og du, sitja passive å sjå på at det er slik?

«Det bortgløymde folket», kallar dei seg sjølve og med rette. Men dei er ikkje gløymt av Gud, difor er ILCT der som hans forlenga arm. NLM kom aldri til Mamaisara, dei gav dette området frå seg til arbeidsfelt for eit anna kyrkjesamfunn.

I ein anna klasse var det uvanleg mange unge elevar, fleire 8 –9 åringar, fordi det ikkje var skule for dei i nærområdet. For å koma til næraste skule måtte nokre av dei gå gjennom ein stor skog, skogen der leopardane heldt til, og det var for farleg både for born og vaksne. Ein leseklasse hos ILCT vart løysinga.

No har alle desse borna lært lese og har også hatt sin avslutningsfest, fått sine vitnemål og sin bibel – ei gåve frå Norge. Ein ny klasse har alt starta der.

Dette er ikkje noko einmannsverk, det er eit stort og krevjande arbeid, som krev bemanning og resursar av mange slag. Han som ynskjer koma desse til hjelp, han kjem ikkje lenger enn vi er viljug til å gå, og heller ikkje lenger enn siste krona rekk.

Må Gud gje oss nåde til å dele litt av vår overflod med han. Han som gav oss alt vi eig.

Dykkar medarbeidar


Skrive av: Nora Klungseth