I august var det 60 år sidan (1958) Frøydis Nordbustad kom til Tanzania fyrste gongen, og 40 år sidan (1978) Iraqw-NT kom til Tanzania frå Norge. Gud har brukt Frøydis til årydda veg for Gud til iraqwfolket sine hjarto, og til å skapa vekst og utvikling på alle plan for iraqwfolket. Og det ynskte iraqwfolket å takka henne for med ein stor fest 10. august. I vekevis hadde festkomiten planlagt alt til minste detalj, og gjennomførte programmet med stil. Kor etter kor framførte sjølvskrivne songar, barnehagen, elevar, lærarane, tilsette og mamaAskofofraWaama sitt kor song takktil Gud og til Frøydis, for alt det ho hadde gjort for dei. Sjølv har eg fått den gleda ås tå bak og ved sida av Frøydis i 48år. Lærerike år, som eg takkar Gud for. Stor takk til komiteen og dei tilsette for den flotte jubileumsfesten. Det vart ein minnerik dag for oss alle.