Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Stor spenning

Utgave 3, 2015.


Onsdag 3. juni skulle vi til Su/úm og vise Jesus filmen. Eg trudde eg hadde fått med det som trongs: PC, prosjektor, akkumulator, høgtalarar, filmen, lerret, gitaren, songar, varme klede, leidningar, lykter, kontakt, campingstol, bibel, mat og drikke. Sanka og Elihuruma skulle syta for diesel på bil og generator, lysrøyr og dei lange leidningane. Eg kjente på stor spenning og følte eg gjekk rundt meg sjølv.

Eg var ikkje klar over at vegen dit gjekk om Datla/a dalen. Der har eg vore ein gong og eg lika ikkje den bratte vegen. Først såg det bra ut. Nokre arbeidde på vegen øvst oppe og spadde harde moldklumpar inn på vegen. Korleis blir dette når me skal opp? tenkte eg så. Eg kjente frykt. Etter vi kom ned i dalen, bar det bortover og oppover ein halv time, over eit lite elveleie med store steinar. Elihuruma fekk oss over. Siste delen til den lutherske kyrkja hadde heller ikkje Sanka vore på, og der var dels så smalt at det var utriveleg. Eg lurte på om eg kom til å få sova i senga mi den natta. Men me kom fram og fekk rigga til. Då såg eg at Sanka leita rundt om og eg spurte kva det var. Den raude leidningen mellom akkumulator og PC var der ikkje. Heller ikkje etter meir leiting. Eg hadde pakka, men sant nok ikkje sett den eller sakna den. Så ledningen som førte lyden fra pc til forsterkar var der ikkje. Kva nå? Så langt (ein time) på så stygge vegar, og så mangla leidningen som ville gi nok lyd. Eg var ganske knust og sukka til Gud. Så såg og høyrde eg at Sanka streva med ein annan leidning og fekk rett lyd inni mellom. Under over under så fekk han lyd. God nok lyd til å høyra klart, men med ein ulyd i tillegg.

Eg måtte berre takka Gud. Og då vart det slik for meg, at når Gud kunne gi oss lyd ved hjelp av Sanka, så kunne han føra oss vel heim att også. Då kom freden. Omkring 150 tilstades og dei lytta. Eg gledde meg over ein velvaksen mann som sat og smilte og gledde seg og kunne ikkje få nok. Han var ein av elevane på lesekurset. Ei av oppgåvene til filmteamet var å informera om leseklassen og få fleire elevar. Teamet, lærarane og nokre elevar song på iraqw til stor glede. Seinare song eg åleine mens dei andre var med på koret. Eg las om den blinde Bartimeus på iraqw. Med tolk sa litt om oss og om teksten. Evangelisten avslutta, og spurte om nokon ville bli kristne. Nokre hender kom opp og to kom fram for å bli bedt for. Ei kone som hadde vore kristen, men glidd vekk, kom tilbake til Jesus. Ho fekk følgde av ei ung jente. Me fekk mat og tok heimover. Me køyrde heimafrå kl. 17:20 og vi kom heimatt kl. 23,45. Me kom oss vel heim utan problem.

Fredag 5. juni hadde me lova å komma til Hhasama. Der hadde eg vore og visste vegen var eit kapittel for seg. Sanka meinte at hadde vi lova Su/úm, var ikkje Hhasama verre. Det stemte. Første delen til Kainam var fantastisk. Der hadde eg streva mang ein gong då me underviste der. Men nå gjekk det på halve tida. Men så vart det brått andre bollar. At resten av vegen var stygg, var eg instilt på. Men det opplevde eg ikkje direkte farleg. Då me rigga til, gjekk kyrne og beitte rundt oss Fleire av våre lærar var der og mange studentar. Lerretet hamna langt oppi eit tre ved hjelp av ein flink klatrar. Fin lyd, fine bilete, nydeleg stad og stjerner då mørket seig på. Plutseleg stansa filmen. Eg sjekka kontaktane, men nei. Så køyrte eg filmen fram eit hakk og då gjekk det bra resten av kvelden. Over 150 var samla. Presten avslutta. Han snakka berre iraqw, så eg fekk ikkje med meg så mykje. Men eg såg fleire opprekte hender, så dei ønska nok forbønn. I ti-tida var me ferdige med å rydda saman og vart servert ris og bønner. Det smaka godt. Me brukte halv annan time heim, utan uhell.

Eg sit att med takk for å få vera med. Takk for god bil og gode sjåførar. Takk til Herren som vakta oss og let oss få vera med å så ordet på folket sitt språk saman med fine bilde. Gleda dominerte. Takk for forbønn for oss og for dei som får sjå og høyra.


Skrive av: Kjellfrid Eggebø