Leiarane har møte kvar morgon, for å planlegge oppgåvene for dagen, veka og månaden, for å fordela oppgåvene og for å finna gode løysingar på bruken av resursane. No fungerer desse møta godt. Alt som er teke opp på møte vert skrive i rapporten. Agnes er sekretær og Kristina møteleiar.
Denne dagen var det dei 2 eksamensdagane som skulle vere denne veka og studiegruppene som var i fokus på møtet. Elevane våre i leseklassane har tilbod om lesetrening i 6 månader, når dei etter 9 månader er ferdig i leseklassen. Til no har dei hatt 3 emne valg, bibel, gronsakdyrking, kultur.
På dette møte vart vala redusert til 2 val, iraqw og swahili. Hensikten med studiegruppene er å gje dei lese- og skrive-trening i begge språka, 2 timar ein dag per veke i 6 månader for swahili gruppa og det same for iraqw gruppa.
Veler dei å gå på begge gruppene vert det 4 timar per veke. Begge gruppene har eigen timeplan.
Swahili studiegruppa: 1⁄2 time Repitesjon av swahilidelen i ABC –bokene
1⁄2 time Diktat
1⁄2 time Tuendelee Kusoma (sporsmal og svar)
1⁄2 time Lesetrening, swahili (Jon Jossang si bibelsoge)
Iraqw studiegruppa: 1 time Lesetrening, iraqw (tekstar fra Ya/abtor hho’)
1⁄2time Lesetrening, iraqw (om gronsakdyrking)
1⁄2 time Praktisk arbeid i skulehagen
Det var i mai vi fekk sett fart på skulehage-arbeidet, og alt no ser vi gode resultat. Kjøleskapet vårt bognar av friske grønsake, tomater, kål, lok, paprika, spinat, kinakål, gulrot kvitlauk, raudlauk m.m. Kan tru dei er stolte, når dei kjem til Frøydis med gåve frå skulehagen.
Vi er glade for at vi på denne måten kan få gje dei eit alternativ til maisen i kosthaldet. Mais avlingane sviktar ofte. I år vert det ekstra ille. Eit trist syn, når mil etter mil med maisåkrar er oppturka og visna. Det ser ut til å gå mot eit tøft hungersår, enno ein gong. Og prisane stig. Nokre har byra så, i håp om at regnet kjem snart, men nett no ser det ikkje lyst ut no. ”Gje de dei mat”, sa Jesus. Det treng dei bade til lekam og sjel. Vi prøver nå fram med begge deler.