Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Som hand i hanske

Utgave 4, 2015.


Når ein les bibelen på langs, ser ein at Gud har ein plan for våre og andre sine liv, heilt frå for vi vart fødd. ”For eg forma deg i mors liv, kjende eg deg, og for du var fødd helga eg deg; til ...Jeremia 1, 5.

Ikkje alle skal vere profetar, som Jeremia, men Gud hadde ein plan for våre liv for han designa oss. Som arkitekten kjenne kvar minste detalj i huset han har teikna, skil kjenner Gud deg også.
”Eg kjenner deg vel...”, seier han. Han veit kva oppgåve han designa deg for, han styrer livsvegen, utdanning og erfaring, slik at du passar ”som hand i hanske” til oppgåva han har tiltenkt deg.

Når han ser du er klar for det, star døra open. Og du kan med frimot ta fatt på dei nye oppgåvene, og kjenna at her høyrer eg heime. Slik er Gud, ”Han som gjennomfører alle ting etter sin plan og vilje”.
Efes. 1, 11. Du forunderlege Gud!


Skrive av: Nora Klungseth