Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Hjelp til sjølvhjelp

Utgave 5, 2015.


Tropenatta slo imot oss med alle sine merkelege lydar og lukter, men trope- varmen var ikkje tilstades då vi kom ut or flyet 3. august. Underleg! Det var utruleg kulse, - vinteren skulle jo vera over no. Kald vind og jordstøv som la seg fort over alle ting, brillene, håret og koffertane. Og som om ikkje det var nok gjorde vinden alt den kunne for å fylle lungene våre med jordstøvet. Det hadde vore betre med litt troperegn, for det hadde dei verkeleg trengt. Vi forstod etter kvart kvifor det var så mange triste andlet og tause folk alle stader. «Det er uår og det kjem til å bli eit svært tøft hungersår, fordi årets avling vart øydelagd av tørka over heile landet», fortalde dei.

Over alt såg vi at folk skar ned og samla saman opptørka mais, korn og bønner i store haugar, for å køyra det vekk og brenna det. Somme stader hadde folk byrja å pløye på nytt, så åkrane skulle vera klargjort dersom regnet kom snart.

Eg minnest med gru førre gong det var så hard hunger. Vi hjelpte tilsette med nokre maissekker, men då det ryktast, fekk dei ubudne gjester nattestid. Mange døydde av svolt den gongen. Ein far som var på veg heim med barn nr. 2 som hadde døydd av svolt, i ein sekk på ryggen, vart skoten då han nærma seg møllaren sitt hus. Ugjerningsmennene trudde han hadde mais i sekken som møllaren skulle mala. Forskrekkelsen var ofseleg då dei opna sekken og fann eit barnelik.

Kan vi som har mat i overflod forstå kva hunger er og gjer med eit menneske? Neppe. Korleis kan vi hjelpa dei til å førebyggja uår? Det har eg grubla mykje på. Noko som kan erstatta maisen. Poteta? Det vart jo Norge og Europa si redning i si tid. Som tenkt så gjort. Såpoteter kjøpte vi frå tidlegare elevar som hadde gått i Doosla studiegruppe med grønsakdyrking som emne.

Tusen takk til deg som gav oss pengar til å kjøpa såpoteter for. Alle lærarane fekk «seminar» om poteter og potetsetting den 25. september, og det vart potetsetting same dagen. Nokre dagar seinare var det staben som lærte å sette poteter. Tre veker seinare fekk eg dette biletet, som viser at det har lukkast så langt, og no står potetene i blomst.

Det er ei stor utfordring at poteter og anna rotfrukt ikkje kan langtidslagrast, fordi det er for høg gjennomsnitts- temperatur heile året. Difor må dei sette poteter kvar eller annakvar veke, nok for eit par vekers forbruk kvar gong. Dette er verkeleg eit spanande prosjekt. Vil dei greie å riva seg laus frå maisen, og forstå at poteter og grønsaker kan ein overleve på?

Lukkast vi med potetkampanjen vi sette i gong i september, så kan mange husstandar berga seg gjennom dette hungersåret; om pengane til såpoteter strekk til. Det er Doosla-studiegruppene (jordbruk) som gjer dette mogeleg. Når 40 studiegrupper, lærarane og staben tek tak i dette, vert det mange potetåkrar rundt omkring i landsbyane. Når potetene kan haustast må det bli nye seminar om bruken, korleis lage potekaker osv.


Skrive av: Nora Klungseth