Etter 2 månader «heime» i Mbulu, er eg no «heime» att i Årdal og ser tilbake på travle dagar i Mbulu. Alltid gildt å møta medarbeidarane igjen.
Dei tilsette har møte fyrste onsdag i kvar månad - «stabsmøtet» - og denne gongen høvde det å vera med både på september- og oktobermøtet. Viktig for oss å få med oss desse møta, for det er der vi møter kvardagen på godt og vondt og kan ta pulsen på arbeidet. Det kjem alltid fram noko som det
må gjerast noko med, og dei forventar at vi tek tak i det.
Sorger og gleder av mange slag går hand i hand. Fleire av dei tilsette har mista ein av sine næraste. Ein av vaktmennene våre miste både kona og tvillingane dei venta rett før fødselen, og sit åleine att med fleire mindreårige born. Det er godt å sjå korleis dei tilsette tek seg av kvarandre i slike situasjonar. Dei er som ein stor familie – «ILCT-familien».
Ikkje minst er det inspirerande og ei stor glede å møta alle lærarane. Dei samlast også kvar månad. Siste fredag i månaden er «lærardag», og denne gongen fekk eg vera med på lærardagane i august og september. På lærardagen 28. august fekk eg gje dei rettleiing i swahiliundervisninga og råd om korleis dei skulle organisere swahili-studiegruppene. Lærardagen den 25. september brukte eg til å testa lærarane i engelsk, iraqw og swahili. Det hadde både eg og dei stor moro av. Teksten på lerretet var på engelsk. Før eg starta med å undervisa fekk eg dei til å omsette teksten, først til swahili og etterpå til iraqw, for å sjå om dei forstod det dei las på engelsk. Emnet for timen var kva det er å vera ein lærar. Å vera lærar er både krevjande og gjevande. Det er eit viktig arbeid. Ein lærar tek ei hand, opnar eit sinn og rører ved eit hjarta.
Stort var det òg å få vera med å starta opp dei to fyrste katekismekursa for evangelistane, saman med Nora Klungseth, Kjellfrid Eggebø og John Yasenti. Desse kursa hadde vi i klasserommet vårt på Ujenzi. Nora fortalde om Martin Luther, og om korleis det gjekk til at han endra namnet sitt frå Martin Luder til Martin Luther. Luther tyder den befridde.
Eg og John lærte evangelistane å lesa iraqw. Kjellfrid lærte dei songane vi har omsett til iraqw, og korleis dei skulle bruka planen for katekismekursa, som eg laga i 2006. Kjellfrid Eggebø og John Yasenti skal forsetje med desse kursa åleine andre stader i Mbulu bispedøme. Utanom desse kursdagane var dagane fylte med leiarmøter, styremøter og samtalar.
Eg fekk ikkje høve til å vitja klassane denne gongen. Det var det andre som tok seg av. Aktiviteten var stor, og kvar veke var det klassar som skulle ha eksamen eller avsluttingsfest og nye klassar som skulle starta. Agnes hadde litt av ein jobb med å koordinera alt dette, samstundes som ho skulle delta på møter og fylgje opp arbeidet på kontoret. Alt dette har vorte mogeleg for oss ved Guds nåde til Guds ære.