Då arbeidet med omsetjinga av iraqw-Bibelen starta i 1992, vart det skipa ei støttegruppe for iraqw bibelprosjektet, som vart registrert med namnet SGI - Støttegruppe for iraqw-Bibelen og eit informasjonsblad som fekk namnet Nytt om iraqw-Bibelen. Gunvor Grødem sa seg viljug til å vere redaktør for bladet.
Ei tid etter at iraqw-Bibelen var ferdig, vart SGI oppløyst, men Gunvor Grødem fortsette arbeidet med Nytt om iraqw-Bibelen til velsigning for iraqw-Bibelen og til glede og oppbygging for oss
lesarar i alle desse 13 åra.
Ei kjensle av vemod og sorg fylte oss, då Gunvor medelte at ho ikkje lenger makta fortsetje som redaktør for Nytt om iraqw- Bibelen.
Kjære Gunvor!
Arbeidet med bladet har vore ei glede og eit kall for deg, men arbeidet med bladet har lenge vore ei altfor stor belastning. Difor er vi samd med deg i at det er rett å stoppe bladet no.
Du har gjort eit stort arbeid til beste for iraqw-folket og til velsigning for lesarane. På vegne av oss sjølve, iraqw-folket og lesarane seier vi TUSEN TAKK for innsatsen gjennom alle desse 13 åra.
Men «løpet er aldri kjørt» verken for iraqw-Bibelen eller ILCT. Vi opplever at nye dører vert åpna for begge. Og der ILCT går i førevegen, fylgjer iraqw-Bibelen etter. Nye og store utfordringar ligg framføre oss.
Mange av dykk har til no fått både Nytt om iraqw-Bibelen og Glytt frå ILCT. Heretter vil du berre få Glytt frå ILCT annan kvar månad, slik som før. Til no har det vore ein giro i begge blada. Ein lesar har foreslått at vi kan ha to giroar i kvart nummer av Glytt, slik det er i dette nr. Då kan du sende gåva di kvar månad, slik du plar gjere. Takk for trufast samarbeid i mange år.