Hjarteleg takk for all forbønn denne tida! Føler at eg skuldar dykk referat frå katekismekursa vi starta opp i september. Dei to første kursa hadde vi saman med Frøydis og Nora. Etterpå har eg og John undervist åleine. Det har vore kjekt, men det har òg vore kamp.
Vegen til Endabash er jo stort sett vaskebrett, så den er lei. Men å møta evangelistane og dei andre, nokre tidlegare elevar, sjå iveren og gleda, har vore rikt. På gudstenestene i Mbulu les dei no ein av tekstane på iraqw!!!!
Det viser seg at kyrkja har begynt med samlingar av ca. fem husstandar, naboar, laurdag morgon ein time. Dei har ei bok dei les frå, ein tekst, og dei snakkar om det. Dei skal også ha eit bod eller ei truvedkjenning kvar gong med forklaring. Eit par stader fekk dei nokre katekismer til dette bruk.
Evangelisten i Antsi hadde alt gitt dei sju laurdagsskulane ei katekisme kvar. Ho som var med han fortalte at dei hadde førebudd å lesa alle verstilvisingane også. Men biblar trengst. Evangelistane er glade for iraqw-seminaret, og fleire ville læra meir.