Når ein ser og høyrer og tek inn alt det som skjer rundt oss, i vårt eige land og mange andre land og verdsdelar, då kan ein bli både matt, visen og maktlaus.
Korleis kan ein møte desse kreftene? Det er det store spørsmålet i alle land, også for deg og meg. Denne kampen gjeld oss alle. Vi er alle part i den, på den eine eller andre sida. Det er same kampen - mellom lys og mørke - som vert kjempa alle stader og i alle menneske. Alle må vi ta våre val.
Til alle tider har det vore kamp og dragkamp mellom desse to frontane, og vi vert dregne, og kjenner på dragning, snart til eine kanten og snart til den andre kanten.
Kampen mellom lys og mørke er ein intens åndskamp. Når lyset får overtaket, mobiliserer mørket og går til åtak med sterke våpen og vonar å vinna terrenget tilbake. Denne kampen kan ein lese om i Joh. 1, 5. Lyset skin i mørket, og mørket har ikkje overvunne det, fått bukt med det eller greidd å sløkkja det til no.
Mørkets krefter kjempar ein håplaus kamp. Difor treng vi ikkje ottast, når vi kjempar på rett side, sjølv om kampen er både tøff og hard.