Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Husbygging og film

Utgave 5, 2015.


I dag vil eg ta dykk med til Bambe. Me hadde fått beskjed om å komma i totida til ei ny tomt den lutherske kyrkja hadde fått attved skulen i Bambe. Då skulle det vera møte og film om kvelden.

I Bambe har eg undervist, så det var ikkje problem å finna vegen dit. Men me skulle over ein stad der det var vatn. Eg såg etter kvar det var best å komma over, men bilen sette seg skikkeleg fast. Firhjulstrekket og låghastighetstrekket ville ikkje rikka seg. Smått om senn kom det over 20 personar til plassen. Nokre kasta skoa, tok i alt dei klarte og bilen kom seg utor sorpa.

To evangelistar og ein flokk ungdommar hadde bore trestammar heile føremiddagen. Ein gjeng kvinner hadde grove ut tomt til evangelist bolig. Eg spurte kvar møte skulle vera. Og kva skulle me så der ved tomta? «Huduma» (hjelpa), sa evangelisten. Me skulle vera med å byggja evangelist hus. Me gjekk inn for oppgåva med iver. Stokkar som var for lange, vart kutta med ein stor kniv. Hol til stokkane vart løyst opp med ein tung påle med metall i enden. Mold vart lagt rundt stokkane. Då alle stokkane var på plass, vart lange tynnare stokkar lagt over og kvar stokk spikra til. Omkring 40 stokkar i alt. Når dei hadde komme så langt, var det for eit hus å rekna, og uvedkommande ville ikkje stela stokkane. Hadde dei blitt liggjande på marka eller ikkje festa til dei øvre stokkane, kunne dei lett forsvinna. I femtida hadde me møte attmed det nybygde «huset». Og i sjutida starta filmframsyninga.

Lerretet fekk hengja på den nybygde veggen, og folk kunne sitja rundt og sjå bra. Filmen om Jesu liv der alle snakkar iraqw, er på over to timar. Det er ein flott film, og folk ser og høyrer. Eg trur at der var rundt fire hundre som såg filmen. Var heime att klokka 23.30, utan problem.


Skrive av: Kjellfrid Eggebø