Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

« det mest meiningsfulle eg har vore med på»

Utgave 1, 2016.


«Skal du til Mamaisara i dag?» spurde ein sjåfør. «Ja», svara eg. «Kvar er sjåføren dykkar?» «Han har ferie». «Ring han, det har regna mykje, fjellvegen til Arusha er stengd, så det er sikkert mykje regn i Mamaisara også.»

Eg ringde, men fekk ikkje tak i sjåføren vår. Eg hadde vore spent på korleis det ville gå å komma til Mamaisara etter regn natt etter natt. Men eg hadde fått ei indre ro for at det skulle gå. Eg hadde høyrt kvar dei vanskelege plassane var, og tenkte at siste staden er heilt nær kyrkja, og frå den første staden kan me gå om me tek med oss berre det viktigaste. Me, evangelisten John Yasenti og eg, møtte bilar på vegen og visste då at dei kom over den vanskeligaste staden. Med 4-hjuls drift var det ikkje vanskeleg. Det syntes som Gud hadde halde unna det verste regnet frå dette området. Me kom vel fram og tilbake begge dagane.

Kva skulle me i fjellområdet? Tjue evangelistar og lokale leiarar i den Lutherske kyrkja var invitert til kurs for å læra litt meir Iraqw og for å bruka Katekisma på Iraqw, læra sangar på stammespråket og oppmuntrast til å bruka katekismen og bibelen på deira språk.

I haust hadde Frøydis, Nora, Kristina, Agnes, John og eg to to-dagars kurs i Mbulu. Etterpå vart det kurs i Bugir, Endabash, Daudi og til sist Mama-Isara. I alt 17 kursdagar i alt. Der var 70 deltakarar, halvparten evangelistar.

Eg har køyrt 500 km, mykje på vaskebrett veg, utan uhell eller punktering. Alle som var med fekk ei katekisme og eit sanghefte. Me oppmuntra til å starta grupper der dei skulle lesa frå katekismen og slå opp henvisningane frå Bibelen, snakka om det dei las, syngja og be, på kvar samling. Alt kunne då skje på stammespråket. Nokre ønska å gjera det. Dei fleste var mest innstilt på å bruka katekismen i laurdagsmorgon samlingane.

Den Lutherske kyrkja har begynt med samlingar laurdag morgon, halv sju til sju for 4-5 nabohusstandar. Dei har eit hefte dei les frå, og dei skal ha eit bod eller ei truvedkjenning med forklaring kvar gong.

I Endabash menighet hadde dei rundt 40 grupper. Ein evangelist ville bruka opplegget vårt mellom dei to søndags gudstenestene. Eg er spent på om det lukkast.

Me delte ut nesten 450 katekismer. Kyrkja let oss få katekismene gratis, men dei skulle berre delast ut til dei som hadde planar om å bruka dei.

Kursa samla evangelistane pluss ein til frå kvar kyrkjelyd. Blant desse var der ganske mange tidlegare elevar frå Bibelskulen i Waama. John Yasenti møtte nokre han gjekk saman med på Waama.

Ein av tinga me oppmuntra til, var å lesa tekstane i gudstenesta på både nasjonalspråket Swahili og Iraqw. I kyrkja i Mbulu har dei begynt å lesa ein av tekstane på iraqw. Kva dei har gjort andre stader, veit eg ikkje. Men i Antsi hadde dei fått katekismer i kvar laurdagsgruppe, og hadde brukt den.

Då deltakarane fekk lesa katekismen, bibelen, be og syngja og snakka på sitt språk, såg me gleda og engasjementet. Eg ynskte at eg hadde forstått kva dei sa. Ei tidlegare elev omfamna meg og takka.

Det har hatt sine utfordringar dette arbeidet, men det er noko av det mest meiningsfulle eg har vore med på. John Yasenti har tatt det meste av Iraqw opplæringa, eg songar. Katekismedelen har me delt. Der det vart tridagars iraqw kurs først, fekk eg og prøva med litt undervisning. Ein deltakar syntes ikkje det eg sa var rett, og spurde John. Han sa det same som meg. Hadde det vore Frøydis hadde dei ikkje tvilt.

Alt dette er grunn til takk og glede. Det er Herren som har opna denne døra. Be om at det kan lukkast å gå vidare til fleire stader!


Skrive av: Kjellfrid Eggebø