Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Kjære medhjelparar i Norge

Utgave 1, 2016.


Kjære medhjelparar i Norge, eg helsar dykk i Jesu Kristi namn.

I dag vil eg fortelja om arbeidet vårt her i Mbulu. Alle her held fram med arbeidet sitt på ein god måte, kokkene, vaktmennene, dei på kontora og Elihuruma som er sjåfør. Lærarane fortset å undervisa i landsbyane. Alle gjer det bra ved Guds hjelp.

Lærarane våre les bibelhistoria på lærardagen. Dei gler seg over det dei les. Det er til trøyst og gir håp og oppmuntrar dei i deira kristenliv.

Arbeidet med «Transitional» går tregt. Til nå i år har vi berre hatt 6 kurs, og det er få på kursa. Eg har undervist på to av kursa, dei andre har John Yasenti og Sauli Gabrieli hatt. Dei som deltek på kursa er begeistra for å lesa sitt eige språk og dei spør etter biblar på iraqw. Men svaret er at vi ikkje har biblar til å selja. Når vi ikkje har biblar, er det som eg misser motet når det gjeld desse kursa. I Marish var det 11 deltakarar, Nahhseey 10, Tsawa 6, Datla/aa 7, Daudi 6, Endabash 15.

Når vi ikkje har biblar på iraqw til å selja og oppmøtet er dårleg, gir denne undervisninga lite
oppmuntring.

Elles er det mine oppgåver å finna fram bøker og utstyr til all undervisning, undervisa på lærardagen, retta prøvar til transitional og lese- klassane. Det er vi på kontoret som rettar prøvar og eksamenar.

Eg har leiarmøte kvar morgon, og første onsdag i månaden er det stabsmøte og bønnemøte kvar onsdag halv fem. Denne bønnetida er svært viktig. Det er tid til å takka Gud, be for oss sjølv og be for andre.

Utruleg nok er det alt slutten av året og det er tid til å ynskja god Jul og godt nytt år!

Eg vil helsa dykk med Jesaja 35,3-4.
«Styrk dei slappe hender, gjer dei ustøe knea sterke! Sei til dei urolege hjarta: Ver sterke, ikkje redde! Sjå, dykkar Gud! Han kjem med hemn, med gjengjeld frå Gud. Sjølv kjem han og frelser dykk.»

Vi møter mange ting i arbeidet som tek motet frå oss, skrantande helse, penge mangel. Det er mange dødsfall her hos oss. Alt dette påverkar oss og det er lett å mista motet, bli redde og bli fylt med frykt. Men ordet seier oss: Ver frimodige, ver ikkje redde!

La oss hugsa kvarandre i bønn slik at vi får styrke kvar dag til å fylgja Kristus og få krefter til å tena Han i Hans arbeid!

Fortset å be for oss! Må Gud velsigna dykk!


Skrive av: Kristina B. Mallange