Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Gje det vidare

Utgave 1, 2016.


Tjue hjelpelærarar skal på skulebenken for å lære gje lesekunsten vidare – vidare til andre og dei att skal gje det vidare til andre lengre og lengre ut.

Midt i alt rotet med pakking og førebuing til å reise utatt, enno ein gong, er det dette tankane er opptekne med.

Før Frøydis Nordbustad reiser frå Norge har ho og Agnes planleggings- dagar på Skype. Dei som har fått del i bodskapen må gje det dei har fått vidare og vidare til andre, – ut – ut – vidare ut.

Kvar fredag skal hjelpelærarane koma på skulen for å lære meir.

Den 18. januar set eg meg på ny på flyet for å reisa tilbake til Mbulu for å ta fatt på dette. Eg gler meg!

Planen dette semesteret er å gje hjelpelærarane meir undervisning i faga Metodikk og Pedagogikk.
Vonar du «slår fylgje» denne gongen òg.


Skrive av: Frøydis Nordbustad