Elias Goroi (57) har vore styremedlem i ILCT TB sidan starten i mai 2007. Dei siste åra har han vore viseformann. Då han var DC i Mbulu var han til stor hjelp for oss då vi registrerte ILCT TB.
Frå 1. januar 2016 tok han over som styreleiar. Og dermed er første steget til eit generasjonsskifte i leiinga teke.
Han arbeider på ILCT Tanzania Branch sitt kontor i Arusha saman med Richard Ngomuo, som er
sekretær. Den nye rekneskapsføraren skal og ha kontor der. Mange av dykk møtte Goroi på Hotel Terminus i Bergen i desember 2013.
Dette er ei framtidsretta endring, som vi er svært takksame for. Det er ei stor avlastning for oss at Elias Goroi no tek over som styreleiar.
Vi ønsker han lukke til!