Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Noko nytt veks fram

Utgave 2, 2016.


Ein av dei mange flike lærarane våre heiter Anna. Ho er hovudlæraren i lærarteamet på Wa/ama. Anne har også andre oppgåver, saman med Michal er ho eksamensvakt og ho er med i teamet som rettar prøvar og avsluttingseksamen.

På avsluttingsfesten 9. mars, for ein klasse i Wa/ama, fortalde ho litt om seg sjølv til heile klassen og til gjestene. «Då eg var liten nekta faren min meg å gå på skulen. Eg skulle vere heime å hjelpe til med ymse arbeid, bære vatn og gjete o.a. Men då eg vart 14 år spurde eg far om å få byrja på skulen, men han let meg ikkje få lov då heller. Men då bestemte eg meg for å byrja på skulen mot far sin vilje. Det var hardt, men eg hadde bestemt meg.» Fortalde Anna. Då forstod vi kvifor det alltid hadde vore born i hennar klassar. Alderen til elevane i den klassen som hadde fest denne onsdagen, var heilt utanom det vanlege. Vanlegvis kan det vere ein eller to born som har fått lov til å gå i klassar saman med berre vaksne. Men her var det omvendt, ein vaksen og 11 born, som aldri
hadde gått på skule før. Dette var noko nytt og overraskande for oss som berre driv vaksenopplæring. Dei to gjestene frå Undervisnings-departementet blei heilt forskrekka. Desse borna skulle ha gått i folkeskulen. Ja, men det gjer dei no, sa Anna.

Etter at dei hadde teke eksamen, hadde Anna gått til rektor på næraste skule og bedt han ta inn desse elevane hennar. Etter å ha blitt testa, fekk dei byrja på skulen, nokre i 4. klasse og nokre fekk plass i 3. klasse. Gjestene våre var svært forundra, då dei høyrde kor flinke dei var. Las feilfritt både iraqw og swahili, og vitnemåla viste at dei hadde gode karakterar i lesing og skriving i begge språka og i matte.

Men ei av jentene måtte etter ei tid slutt på skulen. Ho måtte vere heime for å ta seg av småsøskena sine medan mora var ut for å skaffe mat til dei. Men Lusia var glad og lukkeleg over at ho hadde lært lese både iraqw og swahili. At ho også hadde fått ein bibel i gåve frå einkvan i Norge, var stort for henne. No kunne ho lese for søskena sine og ho kunne lære dei å lese også.

På skulen i Bambe hadde dei fått eit uventa problem i år. Ein gut som hadde slutta i 2 klasse i fjor, fordi han ikkje forstod kva læraren sa, var komen tilbake på skulen igjen. Problemet var at han no var alt for flink til å gå i 2 klassen. Korleis kunne det ha seg? Omsider fann dei ut kvifor, han hadde gått på ILCT-klassen i Bambe. Lærarane i den offentlege skulen er forvirra, og representantane frå undervisnings-departementet spør seg sjølv: Kva har vi gjort feil? Men vi i ILCT er takksame for at arbeidet vårt har lukkast.

I september i år er det 10 år sidan vi starta med leseopplæring for analfabetane hos iraqwfolket. Då var Frøydis Nordbustad 72 år. «Sprekt gjort», kommenterte ein ungdom her om dagen. Men ho har ikkje gjort det åleine. Mange friviljuge har bidrege på ymse vis. Eit stort arbeid som vi saman med henne har fått vere med på. Resultatet av dette for iraqwfolket og Tanzania generelt er det berre Gud som veit og har planlagt. Det veks fram noko nytt som gjev born og vaksne nytt håp. Dei har store forhåpningar til «ILCT- vennene» i Norge, det vil sei til deg og meg. Må dei ikkje bli vonbrotne.

Salme 69, 7: «Lat ikkje dei som vonar på deg, Herre Allhærs Gud, bli vonbrotne over meg!»

Kva har vi fått gjort desse åra vi har bygt opp dette arbeidet? Det var tid for evaluering og tilbakeblikk desse vekene som vi var i Mbulu før påske. Etter å ha lese igjennom alle årsrapportane fekk vi sjå korleis arbeidet smått om senn har vokse fram. Det var overveldande lesnad for alle som fekk rapporten! Her kan du sjå kva du har vore med på: BILDE1

Kor mange av dei som kunne lese swahili frå før, som har lært lese morsmålet, iraqw, desse åra har vi ikkje oversikt over per d.d.. Men det er svært mange som har lært lese iraqw på Kristina sine seminar.

Til no har vi konsentrert oss om Mamaisara, Datla/a, Daudi og Tlawi. Etter snart 10 år trappar vi no litt ned i desse områda. På styremøtet i Arusha 17. mars vart det bestemt at vi skulle utvide arbeidet til også å omfatte områda frå Mbulu til Haydom. Der har dei venta lenge på oss, og no gler dei seg over styrevedtaket.


Skrive av: Nora Klungseth