«Jesus har stått opp», helsa nokre på vegen til kyrkja første Påskedag, andre ønska God Påske. Dei fleste av dei eg møtte kom frå klokka 7 gudstenesta i forskjellige kyrkjer, eg var på veg til kl. 10 gudstenesta. Det har visst blitt mote med nye kler til Påske, i alle fall var det mykje fint og nytt å sjå. Feststemte folk på veg heim frå gudsteneste. Mange med Bibel og songbok i hendene. Fryden møtte meg inne då presten sa: «Jesus er oppstanden» «Ja, han er sanneleg oppstanden, Halleluja», svara kyrkjelyden og jubla og klappa i hendene.
Når det gjeld filmframvising, har me vore ute fem kveldar på tri forskjellige stader. Dei to siste stadene er nær Mbulu, der viste me filmen over to kveldar. Oppmøte så nær byen seier dei er bra, men eg er vant med fleire enn 60-100 stk.
To av kveldane sette regnet fart i oss. Men heldigvis fekk folk sjå slutten av filmen. Og å visa filmen nå i påska, passar veldig bra. Folk som kjem for å sjå filmen, set pris på bodskapen. Me treng litt nytt utstyr til filmframvising, men har ikkje funne det rette ennå. Den tunge generatoren er ikkje veleigna, difor ynskjer me oss batteridrivne høgtalarar. Men dei er dyre.
Dei startar opp nye klassar på to av desse stadene me viste filmen. I Tlooma er dei og i gang med ny klasse. Det er fint å høyra at somme ber om å få undervisa sjølv om det blir langt å gå. Ein av lærarane våre sa ho hadde kunna hjelpa barna sine til å få gå på skulen ved å vera lærar hos oss.
Katekismeseminara i Dongobesh har dratt ut, men nå er planane klare. Me er bedt om å halda iraqw og katekismekurs i dei seks kyrkjelydane i Dongobesh Prosti. Evangelisten og ein til er invitert frå kvar utstasjon og presten. Første dag skal vi gå gjennom det viktigaste i Iraqwlesing og læra dei tonar til songar på stammespråket. Andre dag oppmodar me dei til å bruka iraqwkatekismen i grupper og elles lesa frå katekismen og studere den.
Eg vil nemna stadene og datoane: Dongobesh 31/3 og 2/4. Hari/abi 4. og 5. april, Bashanet 6.-7.april, Tumati 12.-13. april, Gidihim 14.-15. april og Ufana 18.-19. april, (Den 23 april går flyet mitt). Det er planlagt undervisning frå kl. 9 til kl. 16 kvar dag. Det er lærar og luthersk evangelist John Yasenti som skal vera hovudlærar.
Me får bu i eit hus i Dongobesh, slik at det ikkje blir så alt for mykje køyring. Eg er spent på det heile, men veit at Gud har lagt det til rette. I haust var det gildt å få vera med på slike kurs, og når det er biskop Nsanganzelu som har bedt oss, er det ekstra gildt.
Me veit me er heilt avhengig av Guds hjelp og nåde. Men så er Han rik nok. Opplegget treng mykje forbønn dei neste vekene. Takk til deg som kan stå med oss!