Den 29. januar las vi ekstremvarselet på yr.no. «Tor» var på veg mot Norge og Vestlandet. Og det såg ut til at han hadde Sogn og Fjordane som hovuddestinasjon.
Ikkje spøk å vere Sogning i Mbulu då. Det tikka inn åtvaring av mange slag. Straumleverandørar og forsikringsselskap rådde oss til å gjere tiltak for å avgrensa skadane som ville kome på grunn av denne orkanen. Familie og vener orienterte oss om korleis dei hadde det via e-post: «Her ventar vi i spenning på storm og orkan og er litt bekymra.» Då måtte eg gå til Wikipedia for å lære meir om orkanar. Der las eg at orkanar hadde eit ope rom i midten, auga, som var vindstille og skyfritt.
Eg kjende meg med ein gong på heimebane. Eit stille vindfritt sentrum (auga) med blå himmel og fred hadde eg opplevd mange gonger i ymse stormar og orkanar gjennom eit langt liv og samarbeid med Gud. Her er ein plass å vera medan stormen rasar rundt deg og i deg: «Sjå, her er ein stad tett attmed meg; stå der». 2. Mos. 33, 22. Har du vore der medan du har venta på at den linne susen skal koma, når orkanen har lagt seg, så veit du dette er ein trygg stad. Om du ikkje har, prøv den neste gong det stormar som verst rundt deg. Plassen er vel prøvd, og har vore god å finna for mange, i tunge tider.