Den 29. januar fekk vi uventa besøk i Mbulu av Zakayo og kona Dina. Eit gledeleg gjensyn med myke mimring frå arbeidet med Iraqwbibelen.
Zakayo Xufo var leiar for Iraqw Bibel Translation Project, og han var i mange år den næraste og dyktigaste medarbeidaren til Frøydis Nordbustad. Han fortalde at etter iraqwbibelen var ferdig hadde han fullført teologistudiet på Makumira, og at han no var prest i Haydom. Framleis brenn han for iraqwbibelen. Vi er takksame for at han var viljug å ta på seg vervet som styremedlem i ILCT Tanzania Branch. Han er ein nøkkelperson og døropnar for arbeidet vårt, som vi takkar Gud for.
Det er 10 år sidan vi starta med leseopplæring i Tanzania. Kor verdifullt arbeidet vårt er for den enkelte elev, familiane deira, landsbyane og samfunnet generelt er vanskeleg for oss å fatta. Men vitnemåla fortel om ei ny tid.
Alt dette har vi saman, ved Guds hjelp, fått gjort med arbeid, gåver og forbøn. Ofte tenker vi at det er umogeleg å makta dette reint økonomisk, og stundom ser det ut til å stoppa heilt opp. I fjor hende det 4 gonger at vi ikkje hadde nok til løn og viktige utgifter. Kvar gong kom det ein stor sum frå ein av dykk med akkurat det vi mangla, og jubelen og takkesongen var stor i Mbulu. Vi prøver etter beste evne å forvalte gåvene vi er betrudd på ein god måte, så dei kan bli brukt til det dei er gitt til.
No gler vi oss til å fortelje deg meir frå arbeidet, så vi saman kan glede oss over det som er gjort desse 10 åra som ligg bak oss, og saman finna vegen vidare. Vi sjåast i Vik i Sogn helga 17. – 19. juni. Eg gler meg til det. Vi er «spreidde på muren» og treng koma saman.