I dag har me stranda i Ufana. Det er 38 km til Dongobesh, men me brukte godt over timen å køyra hit i dag tidleg. Første delen av vegen var flott, men så vart det sørpe – glatt og seinare djupe hjulspor fulle av vatn. Ein ser etter spor etter andre bilar og prøver halda seg i spora. Kjem ein utanom, har ein lite styring på doningen. Tidlegare hadde eg tenkt at eg kunne ta med utstyr til overnatting, dersom det vart mykje regn. Men då me reiste, kom eg ikkje på det før me bevega oss frå dam til dam.
Eg er her saman med evangelisten John Yasenti. Han underviser i iraqw språket. Han vart redd då me for frå side til side ein stad på vegen. Bussen framfor gjorde det same, den velta heldigvis ikkje. Den tok ein annan veg enn oss, men me såg folk skuva på bussen fordi den var kommen for langt ut på sida av vegen. Dagen var solfylt og eg rekna med at det ville gå greitt å køyra tilbake til Dongobesh, der me budde. Men presten meinte me burde overnatta. Dei hadde gjort romma klare. Det såg ut som det kunne bli mykje regn om natta eller neste morgon, og då kunne det henda me ikkje kom fram til dei att. Det freista ikkje å køyra på glatte, stygge vegar, og vart det meir regn, ville det vera usikkert om me klarte det. Eg forsto omsorga og klokskapen i rådet, så me stansa her, utan å vera førebudd på det.
Om eg ville ha eit bad? Ja, takk. Malapane (strandsko) stod klare på rommet mitt, og varmt vatn vart bore i ei bøtte til baderommet. Der var også ein mindre balje til å slå vatn over kroppen og såpe. Det var umuleg å få låst døra, så bøtta med vatn heldt døra på plass. Ei tidlegare elev tok seg av meg og kom med kangaen (tøystykke brukt til mangt) sin. Først tenkte eg at den skulle vera handkle, men etterpå kom eg på at eg nok skulle tulla meg inn i den og gå til rommet for å få på meg reine klede. Men reine klede hadde eg jo ikkje. Eg såpa meg inn med reingjeringssåpa, helte varmt vatn over kroppen til såpa var borte. Eg brukte hovudet til å halda døra på plass medan eg slo vatn frå bøtta oppi baljen. Kva med handkle?? Eg ville ikkje bruka kangaen til Priskilla, og noko anna hadde eg ikkje. Underskjørtet mitt vart redninga.
Eg har fått ei stor seng. Hovudputa er eit stort mannfolk kast bretta fint saman. Det lyser opp med røde ruter. Så har eg eit stort, tungt ullteppe, som vil komma vel med til natta. Her er ganske kaldt. Til nå har eg drept 10 maur på lakenet. Her er ikkje myggnett, men her er solarlys. Heldigvis treiv eg ei hovudlykt i siste liten før me reiste i dag tidleg. Den gjer det muleg å skriva.
Kva meir vil skje? Me er glad me kom oss fram hit utan uhell. Me har hatt 31 som har lært iraqw lesing og iraqw sangar i dag. Mange kjem lang veg og i dag gjekk dei i sørpe. I morgon er det siste seminardagen denne gongen. Reiser til Norge laurdag.
I november i fjor vart evangelisten John Yasenti og eg bedt om å halda iraqw og katekisme seminar i Dongobesh Prosti. Me hadde seminar i det nordre prostiet i haust. Då eg kom ut i slutten av januar, tok eg kontakt med kyrkja, men det drog ut før ting var klare. Men frå 31. mars til 19. april har me hatt 12 seminardagar på i alt 6 stader. Me skulle starta klokka 9 og slutta av klokka fire, men det er berre avslutningstida som vart halden. Me har hatt Dongobesh som senter, men siste natta vart me verande i Ufana grunna stygge og glatte vegar.
Margaret Hetland sende ut 10.000 katekismer for lenge sidan. Det var ikkje mange av deltakarane som hadde den. Omkring 1500 katekismer har Yoshua funne. Dei som vil starta grupper for å lesa katekisma og slå opp bibelvers på iraqw, fekk 300 katekismer til dette. Tenk om ein god del av desse som hadde til hensikt å starta gruppe klarar å gjennomføra det!!
Me har ikkje hatt uhell og folk har gledd seg over det me har komme med. Eg som vanlegvis må kvila midt på dagen, har fått krefter. Tenk å gjera slikt i regntida! Eg er så takknemleg for nye dekk på bilen og stor bil.
Takk for forbøn. Gud er god!