Der er nokon som ventar på oss fordi dei treng oss. Gud har ein plan om å hjelpa dei som ventar. Og han har ein plan om å bruke deg. Difor ventar dei på deg. Salme 69,7
Gud syter alltid for å skaffa det som trengs for oppgåva. Og han krev aldri meir enn det han fyrst har gitt. Det er nokon som ventar på oss fordi dei har bruk for oss. Difor kallar Gud.
Jonas hadde eit kall frå Gud. Og han visste om det. Men han ville ikkje gå med den bodskapen Gud ville sende han med. Kallet var så tydeleg og bevisst at han måtte røme frå det. Han kjøpte seg billett og gjekk om bord. Bevisst på å styra livet sitt mot Guds vilje.
Andre har sagt ja, men møtte ei stengt dør. Då laga Gud ein sideveg for å nå fram til dei som venta, og for å kunne fullføre sin plan. Kva er ditt svar på kallet?
Velsigninga ligg alltid gøymt i lydnad.