Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Minneord

Utgave 4, 2016.


Eg vart fylt med både sorg og glede, då Kjell Irgens ringde og fortalde at Bodil Irgens var «flytta heim». I mange år har Bodil sagt: «Jeg gleder meg så til den dagen da jeg får flytte hjem. Jeg lengter hjem, skjønner du.» Så er løpet fullført, målet nådd, for vår kjære medarbeidar, forbedar og ven, Bodil Irgens, og vi gler oss med henne og ser fram til å møtas igjen.

Men sorga og saknet føles som om «nordre veggen er borte». Og nordavinden når heilt inn. Ein vaktpost på muren står tom.

Bodil Irgens var styremedlem i Støtte Gruppa for Iraqwbibelen, - SGI - og aktiv med i ILCT sitt arbeid med leseopplæring for analfabetar, etter at iraqwbibelen var ferdig. Då iraqwbibelen vart innvigd, var heile styret i SGI med på den store festen, og Bodil var også med og vart raskt inkludert og avholdt. Seinare engasjerte ho bror sin, arkitekt Kjell Irgens, som kom til Mbulu og teikna husa på ILCT senteret, skulen, internatet og to leiligheiter.

Eit arbeid han gjorde «for Bodil», gratis for ILCT. Vi har takka Gud for Bodil Irgens sitt engasjement for Iraqwbibelen og iraqwfolket, ho var ei velsigning for oss alle, og vi lyser fred over Bodil Irgens minne.

ILCT takkar for minnegåvene
ILCT takkar for gåver til Bodil Irgens sitt minne, kr. 15.000. I samråd med familien er minnegåvene øyremerkt oppatt trykking av iraqwbibelen.

BILDE1 : Til v. Bodil Irgens, frå iraqwbibel-lanseringa 24. juli 2004


Skrive av: Nora Klungseth