Tusenvis har lært lese iraqw, men kan ikkje få kjøpt ein bibel. Det finnes ikkje iraqwbiblar for salg, folk er fortvila.
ILCT og den lutherske kyrkja i Mbulu har vore i kontakt med Bibelselskapet i Tanzania om å trykke iraqwbibelen på nytt.
Dei vil ikkje trykke om att til eige bruk. Men dersom det kjem ei bestilling frå oss, og vi betalar alt på førehand, så kan dei syte for at iraqwbibelen blir trykt oppatt.
I samråd med biskop Nicolaus Nsanganzelu, ba vi om tilbod på ny trykking av 10.000 biblar, og tilbodet har vi fått.
Sitat frå tilbodsbrevet frå BST: «Distribusjon av Bibelen på stammespråk er vanskeleg, fordi den tek sikte på ei spesiell gruppe, iraqwfolket. Vi har henta inn tilbod frå dei trykkeria som trykker biblar for oss, og har fått fylgjande tilbod. (Alle beløp er i Tanzania shilling.) SJÅ BILDE3
Sidan dette er ei spesiell bestilling frå dykk, må eg få betaling på førehand. Når betalinga er komen inn på vår konto, vil arbeidet med bestilling av trykking starta med ein gong.» Sitat slutt.
Etter dagens kurs per d.d. 25.07.16 er prisen på 10.000 iraqwbiblar kr. 530.000. ILCT og heller ikkje den lutherske kyrkja har økonomi til dette. Kva så? Må vi med sorg sei til iraqwfolket at dette kan vi ikkje hjelpa til med? Eller kan vi enno ein gong dra i gang ein dugnad for Iraqwbibelen?
«Saman om Iraqwbibelen» har vore vårt motto sidan 1992. Er det framleis sant?
Alle ILCT sine elevar får ein bibel som gåve frå norske gjevarar, når det har fullført og fått sitt vitnemål. Det er lett å sjå at bibelen er meir verdfull for dei enn vitnemålet, og så snart som råd er finn dei seg ein stille krok der dei kan lese. For første gong eiga ei bok. Lese sin eigen bibel, og oppleve at Ordet talar til dei, beinveges utan tolk.
Kva med alle dei som har lært lese iraqw, men som ikkje fekk eller kunne få kjøpe seg ein bibel?
Då vi starta dugnaden for å få omsett bibelen, brukte vi ein innsamlingskonto som fekk namnet: Iraqwbibelen. Mange av dykk minnest nok at de sende gåver til den kontoen. No opnar vi den kontoen att, og inviterer til ny dugnad for iraqwbibelen. Alle øyremerka gåver til oppatt trykking må sendast til denne kontoen: Iraqwbibelen, konto nr. 05301341379.
Lat oss «brette opp armane» og komme i gang fort, før det vert prisauke. Dei ventar eit svar frå oss, når vi kjem tilbake til Mbulu i slutten av august. På vegne av iraqwfolket seier eg på førehand takk.
Mange bekker små..., kan bli til mange iraqwbiblar. Eg har fått kjeledressen på og står klar til dugnad, blir du med?