Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Har du gløymt Jesus?

Utgave 4, 2016.


Det var julekveld og mykje folk i kyrkja. Presten fortalde om julekvelden ved hjelp av figurar frå juleevangeliet. Om englane, om hyrdingane, om vismennene. Levande fortalt. Og borna tok del i forteljinga og fann fram dei forskjellige figurane som høyrde til, etter kvart som det var bruk for dei.

Men så kom eit sterkt spørsmål: Kvar er Jesusbarnet? Alle var på plass, festen kunne ta til, - men Jesusbarnet var ikkje der. Kor var Jesusbarnet? Kvar var Jesus?

Det gjekk eit sukk gjennom forsamlinga. Kvar var Jesus? Hadde vi gløymt Jesus?

Har eg gløymt Jesus? Mellom alle som eg prøver minnast, har eg gløymt Jesus? Gjennom alt som eg stressar med, har eg gløymt Jesus?

I alt som eg kavar med å gjera for Gud, har eg gløymt Jesus?

Og du? Du har vel ikkje gløymt Jesus?


Skrive av: Frøydis Nordbustad