Som assistent for dagleg leiar og sekretær for ILCT TB har eg ansvar for å følgje opp organisasjonen sine aktiviteter på vegne av CEO. Syte for at alle prosedyrer og system er i orden. Særleg viktig er å rapportere til formannen, Elias Goroi, og til CEO, Nora Klungseth, i alle aktuelle saker som er nødvendige, avgjerer, viktige og nye aktiviteter, for å nemne nokre.
Alle aktivitetane i Mbulu går bra. Eg har eit nært og godt samarbeid med Kristina, Agnes og Aloise, for å sikre at alle daglege gjeremål går godt og som planlagt. Vi har etter beste evne prøvt å halde utgiftene innanfor budsjettrammene, ved å redusere kostnader der det er mogeleg. Vi håper at vi greie gjera meir slikt i framtida.
Eg har også hatt spesielle møter med sentrale personar frå staten, og vi har fått eit betre forhold til dei. Det er òg mi oppgåve å koordinere kommunikasjonen mellom kontoret i Mbulu og formannen sitt kontor i Arusha, og den vanlege korrespondanse elles, brev, e-post, telefon etc..
Vi har nokre små prosjekt gåande på Ujenzi. For tida førebur vi bygginga av hønsehuset, som skal stå ferdig i slutten av august. Dette vil ikkje berre bli til nytte for hushaldet, men også for lærarane og tilsette som skal lære korleis det blir drive. Andre prosjekt går bra, som frukt og grønsakdyrking. Vi håper i nær framtid å bli sjølvforsynt.
Eg er i det heile takksam til Gud for helse og styrken eg har fått til å gjennomføre alt det vi har fått gjort. Slik at hovudmålet til ILCT kan bli oppnådd. At folk kan bli i stand til å lese og skrive. Og det som er endå viktigare, å lære Guds Ord gjennom iraqwbibelen, som vil forandre og betre deira daglege liv.