Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Kjære medarbeidarar i Norge

Utgave 4, 2016.


I dag vil eg dela med dykk gode nyheiter og gledelege ting vi opplever i arbeidet. Til no i år har 8 klassar fullført. Elevane i alle desse klassane laga stor fest på avsluttingsdagen. Mange i landsbyane var invitert til festen, for å vere med på utdelinga av vitnemåla. Alle som fekk sitt vitnemål fekk også ein Bibel til gåve.

I år kunne eg vere med på alle desse festane. Arbeidsdelinga mellom Richard og meg gjorde det mogeleg.

På ein av desse festane var det 20 elevar som fekk vitnemål og bibel. Der var det mange gjester og andre frammøtte. Tre av elevane fekk lese høgt for dei mange frammøtte. Dei som las, gledde seg, og dei som høyrde var storleg forundra over at analfabetar kunne lese så godt, utan problem. Evangelisten der fekk høve til å koma med ei helsing til elevane og dei som var tilstade. Han las frå Jes. 59, 21

Lærarane gler seg over arbeidet sitt, viser stor arbeidsglede og stort engasjement. Det er 10 klassar og 15 studiegrupper som no er i gang. Eg reiser rundt og besøker alle klassar og studiegrupper, inspeksjon, eksamen, avsluttingsfestar og for å starta nye klassar. Lærarane og elevane gler seg når eg kjem.

Dette er blitt mogeleg fordi Richard og eg koordinerer arbeidet vårt. Mitt arbeid er to-delt, 60% som leiar for all undervisning og 40% som kasserar. Dei dagane eg vitjar klassane er Richard på kontoret i Mbulu, og dei dagane eg er på kontoret kan Richard vere på ILCT sitt kontor i Arusha.

Gud velsigne dykk i arbeidet med å be for oss kvar dag. Tusen takk til deg som er med å gjere dette mogeleg. Salme 90, 1-2.


Skrive av: Agnes S. Philipo